I 1994 kjendest det nytt og forfriskande då elegante "Fire bryllup og en gravferd" kom på kino. 20 år – og altfor mange filmforsøk over same lest – seinare, blir det ganske kjedeleg når "Love, Rosie" har premiere.
Oppskrifta er den same. Keitete, vakker ung mann – spelt av Hugh Grant – strevar med å finna ut av kjærleikslivet i møte med vakre kvinner. Det blir komplikasjonar, pinlege situasjonar, det går først galt – og så går det bra til slutt.
I "Love, Rosie" blir Hugh Grant spela av Sam Claflin, som spelar Alex. Andie MacDowell blir spela av Lily Collins (dottera til Phil, faktisk), som spelar Rosie. Alex og Rosie har kjent kvarandre sidan dei var fem år. Dei er bestevenner. Og bestevenner kan jo ikkje bli kjærastar, sant?
Og dermed er me i gang. Me skal følgja dei to vennene i deira famling gjennom sitt unge vaksenliv, gjennom mislukka forhold, dårlig sex, uventa graviditet, mislukka/vellukka karriere – og pussig dårleg kommunikasjon med tanke på at dei to liksom skal vera bestevenner. Og så kan du jo lura på korleis det går til slutt. Forresten: Det har du jo visst heilt frå du kjøpte billetten.
Romantisk komedie er ein krevjande sjanger. I "Love, Rosie" viser "romantisk" seg stort sett å betyr "sentimentalt". Altså lidande blikk og emjing over alt som kunne vore.
Og sidan eg ikkje lo ein einaste gong, kan dette ikkje ha vore ein komedie heller.
Collins og Claflin gjer heilt greie figurar, med tanke på det absurde manuset dei skal spela ut – basert på Cecilia Aherns bestseljar og chick lit-roman "Where Rainbows End" (2004). Det heile er flott filma, ein god del med handhalde kamera, slik at me kan få sjå lenge og vel kor vakre desse unge "mislukka" menneska er. Det er jo noko.