Fiffig animasjon

Egg trur lenge at han er eit bokstroll. Men det er han jo ikkje.

Det har kome massevis av kule animasjonsfilmar frå USA dei siste åra, til stor glede både for barn og foreldre. Men i motsetning til dei dataanimerte figurane i til dømes "Istid"— og "Madagaskar"-serien, er figurane i "Bokstrollene" faktiske dokker som blir animerte med handmakt av levande animatørar. Det gir dei eit ganske anna, mindre glatt, røffare, skumlare og meir levande preg.

"Bokstrollene" er på mange måtar ein visuell fest. I ein landsby som klamrar seg fast på ei bratt fjellklippe, og der gatene og dei som bur der ser ut som dei er tekne rett ut av ein Dickens-roman, er alle redde for bokstrolla som dukkar opp frå kummlokka kvar natt, for å raska med seg alt dei finn. Bokstrolla lever under bakken, omgivne av alle slag bisarre apparatur av Reodor Felgen-typen.

Men éin av dei som bur under bakken og går kledd i ein pappkasse, er eit lite barn, Egg. Han blir sentral når den onde Grafse – Archibald Snatcher i engelskversjonen; dei opererer med dickenske namn også – prøver å utrydda alle bokstroll, for å prøva å koma seg inn i det gode selskap, der byens fremste menn sit i sine kvite hattar og et avansert ost.

Dermed har me den klassiske barnefilmtvisten inne: Dei store, stygge og slemme (vaksne) står mot dei små. Sjølv om bokstrolla ser skumle ut, er dei eigentleg snille. Og sjølv om barna er barn, er dei eigentleg dei klokaste av alle. Det er jo aldri særleg stor tvil om kven som vinn i sånne filmar, men det er heller ikkje poenget. Spørsmålet er om det er moro på vegen.

Det er det, stort sett. Men tidvis går det litt treigt. Det går til dømes for lenge før handlinga kjem skikkeleg i gang, sjølv om filmskaparane får presentert bokstrolla og underverda deira grundig i ein lang sekvens i starten.

Helge Jordal gir stemme til den onde, ostesjuke og glefsande Grafse. Han er perfekt i rolla.

"Bokstrollene" er for skummel for dei minste.