Krigen i tanksen

Krigen er snart over, men mange skal døy først. Her er crewet på tanksen "Fury".

FILMMELDING:

- Gjer som du får beskjed om. Ikkje bli for godt kjent med nokon.

Dette er sersjant Don "Wardaddy" Colliers (Brad Pitt) veteranråd til ungguten Norman Ellison (Logan Lerman) då han skal mønstra på Dons Sherman-tank "Fury" i april 1945. Amerikanarane er djupt inne i Tyskland, krigen er over om få veker – men Hitler har erklært total krig, prøver å mobilisera alle – kvinner, barn og eldre – i ein siste krampetrekning. Dei som nektar, risikerer å hengt av sine eigne, med eit skilt der det står "Feiging" om halsen.

Norman har meir erfaring med maskinskriving enn med maskingevær, og mønstrar skrekkslagen om bord på ein tanks med fire krigsherja veteranar. Norman skal på dei komande tokta sjølv herdast.

Det er ikkje rart det er laga mange filmar om 2. verdskrig, sjølv om hendingane ligg 70 år tilbake i tid. Det finst knapt eit tydelegare dramatisk materiale å ta av, der dei gode kjempar mot dei onde, der folk betaler den høgaste prisen og mennesket viser seg på sitt verste – og sitt beste. Moderne krigsfilmar framstår ganske mange hakk meir realistiske og nyanserte enn John Wayne-varianten. Krigsscener blei endra for alltid etter "Redd menig Ryan", og det er i dette landskapet også "Fury" beveger seg, gjennom brun gjørme, grå røyk, raudt blod, brennande ruinar og desperat råskap – alt flott filma.

Regissør og manusforfattar David Ayer kan alle knepa i boka, og lukkast i å byggja spenningskurvene mellom dei intense krigsscenene og den rolig klaustrofobien inne i tanksen eller den barske varmen mellom soldatane. Han lar oss koma tett på, bli kjent med karakterane – store og små – slik at det blir ekstra vondt når det går dårleg med dei. Ja, det er hollywoodsk og amerikansk, men ikkje sentimentalt og teit.

Brad Pitt er knakande god som den herda sersjanten som desperat prøver å halda folka sine i live og moralen nokolunde oppe. Men når ingen ser han, knekk også han saman.