Smart, mørkt og vittig

Nick (Ben Affleck) ber om hjelp til å finna kona Amy (Rosamund Pike), som har forsvunne på mystisk vis.

"Gone Girl" Regi: David Fincher. Med: Ben Affleck, Rosamund Pike, Tyler Perry, Carrie Coon, Kim Dickens. 2 timar 29 minutt. USA, 2014. Aldersgrense: 15 år.

David Fincher, altså. Mannen bak så mange kanonfilmar – "Seven", "Fight Club", "The Social Network", bare for å nemna nokre – har laga ein ny favoritt. "Gone Girl" er basert på Gillian Flynns bestseljarkrim, på norsk kalla "Flink pike". Flynn står sjølv for filmmanuset, og ho har lukkast i å overføra både spenninga og strukturen frå boksidene til filmlerretet.

Nick (Ben Affleck) og Amy (Rosamund Pike) har vore gifte i fem år. Dei er eit tilsynelatande vakkert, vellukka og vittig par New York-skribentar som har flytta til Missouri. Men på den femte bryllupsdagen er plutseleg Amy borte, på mistenkeleg vis.

Resten av filmen er ei fascinerande, gradvis avdekking av kva som har skjedd, sett vekselvis frå hans og hennar perspektiv, og vekselvis i fortid og notid. I mediesirkuset som oppstår rundt forsvinninga melder eit spørsmål seg stadig sterkare: Kan ektemannen ha noko å gjera med dette? Har Nick Dunne teke livet av kona si?

Det skal noko til å halda oppe spenninga, bringa inn stadig nye og overraskande moment gjennom to og ein halv time, snu fram og tilbake på sympatiar og antipatiar, men dette klarer altså Fincher på meisterleg vis.

Historia er intelligent og god, filmhandverket prima og halde i ein sober tone. Men prima er pinadø både Ben Affleck og Rosamund Pike også. Denne Affleck har kanskje ikkje så veldig mange ansikt, men her fyller han verkeleg rolla som stadig meir forbistra ektemann med stort truverd. Pike er fantastisk. Ho vekslar mellom å vera kald og varm, manipulerande og søt, snill og såra på gneistrande vis.

Og heile tida, mens dei borar seg inn i mørkret, er filmen så gjennomsyra av intelligens, og av ein slags smart, mørk humor, at du nok bør vera minst 15 år for å få med deg alt hjernegodteriet. Dette er i sanning sofistikert krim.