Sjørøvarfest på dei sju hav

Sjølvaste Kaptein Sabeltann (Kyrre Haugen Sydness) helsar sine fans før han legg ut på skattejakt med Langemann (Odd Magnus Williamsson) og Den sorte dame.

Regi: John Andreas Andersen/Lisa Marie Gamlem. Med: Kyrre Haugen Sydness, Pia Tjelta, Anders Baasmo Christiansen, Odd Magnus Williamson, Fridtjov Såheim, Jon Øigarden, Vinjar Pettersen, Sofie Bjerke. Norge 2014. 1 time 36 minutt. Aldersgrense 7 år.

Sjølvaste Kaptein Sabeltann er ei av dei sterkaste merkevarene i norsk barne— og familiekultur. Eit merkenamn tusenvis av barnefamiliar har blitt kjent med i Dyreparken i Kristiansand, som TV-serie på NRK eller som animasjonsfilm.

Korleis går det når kongen av dei sju hav tar steget til det store lerretet, i den første av det Sabeltann-skapar Terje Formoe håper skal bli tre filmar?

Det går bra. "Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama" er ein ambisiøs film med stort budsjett på nesten 50 millionar kroner, og det viser igjen. Eit stjernelag av norsk skodespelarar i storform besøker tre kontinent. Ingenting er filma heime i Norge, location er lagt til Thailand, Marokko og Cornwall i England. Det gjer i seg sjølv sitt til å gjera bileta eksotiske og ramma autentisk. Her er både rufsete hamneområde, skumle jungelgrotter og forgylte ørkenbyar.

Meir realistisk

Det er kanskje litt søkt å snakka om realisme i møte med ein likbleik sjørøverkaptein og skattekart til Lama Rama. Men filmversjonen er langt meir realistisk, og mindre søt og naiv, i uttrykket enn TV-serien. I filmen har karakterane dårlige tenner og skitne negler, heile settinga er røffare – og dermed meir truverdig. Det same gjeld historia, som både er mørkare, tøffare og skumlare enn på TV. Dette er dermed ikkje Sabeltann for treåringar, men spennande nok til å appellera litt eldre ungar – og foreldra deira.

Sabeltann – gjenkjenneleg og autoritativt tolka av Kyrre Haugen Sydness – er altså på jakt etter verdas største skatt, som skal finnast i Lama Rama, der den lattergale kong Rufus – kosteleg framstilt av Anders Baasmo Christiansen – regjerer. Sidehistoriene handlar blant anna om ein misunneleg kongebror (Jon Øigarden), eit konkurrerande lag piratar, Langemann (Odd Magnus Williamson) og Rosas (Pia Tjelta) forhold – og sjølvsagt Pinkys jakt etter faren.

Pinky blir godt spelt av Vinjar Pettersen, men dette er altså ikkje same person som i TV-serien. Filmens Pinky er eldre, mognare og med meir dybde i karakteren. Det spennande skal bli å sjå kva dei små seier til at han snakkar austlandsk.

Barn på alvor

John Andreas Andersen – frå Flekkefjord – og Lisa Marie Gamlem står begge oppført med regiansvar. Andersen – ein av Norges beste filmfotografar – har i tillegg stått for filminga, som er flott.

På eitt vis er det lett å le – eller fnysa – av Kaptein Sabeltann-fenomenet. Men barn tek Sabeltann på blodig alvor, og dette viser mannskapet bak filmen at også dei gjer: Barn fortener like påkosta og skikkelege filmar om sine heltar som vaksne gjer.

"Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama" blir distribuert av Disney, og er allereie selt til 73 land. Han er laga som ein storslått eventyrfilm med internasjonale ambisjonar. Det kan godt henda at det slår til.