"Mot naturen". Regi: Ole Giæver. Med: Ole Giæver, Rebekka Nystabakk, Marte Magnusdotter Solem, Sivert Giæver Solem. Norge 2014. 1 time 20 minutt. Aldersgrense 11 år.
Klypp så til det menneskelege kontorlandskapet, der Martin (Ole Giæver) sit innesperra, mens blikket og tankane vandrar. Han ser menneske passera i asfaltjungelen utanfor, ser ein grå kar bak vindauga i kontorbygget over gata. Lurer på kor gammal han er. 56 år? 66 år? Er det sånn Martin sjølv skal enda opp om 30 år? Som ein gråhåra mann som flyttar papir på eit trongt kontor, med ei kone der gnisten forsvann for lenge sidan, med eit barn han ikkje føler han kommuniserer med, med taco kvar laurdagskveld, bare avbrote av ein og annan pizza?
Eller: Skal han bryta tvert av, gjera noko heilt anna, bli noko heilt anna, skapa seg eit anna liv?
Å laga filmar, bøker eller musikk om halvunge menn i identitetskrise, er ikkje akkurat ein veldig original idé. Det finst haugevis av dei, mest massivt illustrert av Karl Ove Knausgårds seksbindsverk "Min kamp".
Når det i tillegg kan virka som om det er trendy at mannen må ut i naturen for å koma skikkeleg i kontakt med seg sjølv, er Ole Giæver (manus og regi) ute i eit komplisert landskap om han vil levera noko originalt.
Når Giævers film om den unge mannens identitetskrise er blitt så bra at han både fekk verdspremiere på filmfestivalen i Toronto, og denne veka også blei invitert til Berlin-festivalen, skuldast det framfor alt at han ikkje går i den pretensiøse fella. For i forsøket på å seia Noko Viktig om Mannen og Identitetskrisa, er det fort gjort å bli både pretensiøs og patetisk, og dermed også ufrivillig komisk.
Men Giæver tek kontroll over komikken, og blandar dei store spørsmåla med velsigna og avvæpnande humor.
Martin takkar nei til fredagspils med kollegene han foraktar. Han drar frå kone og barn, har kanskje ikkje sagt så veldig tydeleg ifrå heime, men legg altså på sprang ut i naturen, til tre dagar med seg sjølv og tankane sine.
Filmatisk inneber det at me stort sett ser ein mann – i varierande grad påkledd – gå og springa gjennom storslått, nordnorsk natur, vakkert filma av Øystein Mamen. Og så får me altså høyra hans indre monolog. Det kan høyrast kjedeleg ut, men nettopp denne indre monologen er noko av det som gjer filmen så vellukka. Giæver klarer nemleg å gi ei truverdig framstilling av kva ein mann faktisk tenkjer, heilt utan sensur. Og det gir tankerekker som i sanning hoppar og sprett mellom det høge og det låge – slik tanken jo gjer – frå store spørsmål om liv, ekteskap og barn til ein indre diskusjon om det heiter "rumpe" eller "ræv" – og eit brennande ønske etter å få tatt seg ein runk. Sånt kan det altså bli mykje moro av, samtidig som Giæver klarer å halda på alvoret og lukkast i å få fram at hovudpersonen faktisk har sitt å slita med. Som igjen bør vera gjenkjenneleg for dei fleste av oss som har lagt ut på den ferda som kan kallast for eit konvensjonelt liv, med ekteskap, barn, rutinar, jobb og mange, mange kvardagar.