Kulissane er trekte heilt fram på scenekanten, eit omriss av den skitne barneheimen, kaldt lys, grått, skittent, trongt. Ingen vegar ut. Når me seinare er heime hos milliardæren Oliver Warbucks, spelt av Espen Hana, er scenerommet opent, stort, lyset er like varmt som håpet og draumane er, og bakanfor kan ein sjå himmelen, snøen og trea.
Saman med effektive projiseringar av lysbilete frå 1930-talet, gir scenografien oss ramma: Vi skal ut av vår eiga tid, vi skal til gamle dagar, til New York, og det viktigaste i historia er ei lita jentes standhaftige tru på at det finst eit betre liv, og at ho kan koma seg over til det.
For dei som måtte ha gløymt det — Annie trur foreldra hennar lever, ho trur ho er annleis enn dei andre jentene. Av omdømmemessige omsyn sender sinnsvakt rike Mr. Warbucks assistenten sin, Grace Farrell, spelt av Britt Synnøve Johansen, til barneheimen for å ta eitt av barna heim til seg i jula. Det blir Annie. Han blir glad i henne, han vil adoptera henne. Warbucks har ikkje hatt for vane å bli glad i folk. Men Annie vil ennå finna foreldra sine. Han hjelper henne. Sjølv om han veit at då kan ho bli borte for han. Dei er dei gode. På den andre sida har vi skurkane, den forsoffne barneheimsbestyrarinna Miss Hannigan, som i Elisabeth Moberg si framtoning verkeleg er så forsoffen at ikkje ein grammatikkregel i verda kan få meg til å skriva ordet utan minst tre f'ar til saman. Dessutan halvbror hennar, svindlaren Rooster, spelt av Nils Christian Fossdal, og kjærasten hans Lily, gjort gatefrekk og akkurat passe dum av Mareike Wang. Dei prøver å svindla seg fram som foreldra til Annie, men blir heldigvis avslørte, og alt endar godt både for Annie og Mr. Warbucks og kanskje også for Grace, ser det ut til, og for alle jentene på barneheimen. Og i denne oppsetninga på Sandnes Kulturhus, så går det godt på ein måte som gjer at du får klump i halsen til slutt når alle syng «I mårå» – «Tomorrow». Det er slett ikkje sjølvsagt, musikalar kan bli for svulstige, for pompøse, for klisjéfylte. Dessutan er det alltid svære produksjonar som skal fungera i mange ledd, ungar, vaksne, song, dans, musikk, koreografi, samspel. Me har ikkje alltid hatt så sterke ressursar i alle ledd i regionen. Det har me nå
For det beste ved oppsetninga er at det ikkje finst svake ledd. Ungane er fantastiske, statistane som dansar og syng gjer tablåa levande, alle som eitt, i tillegg til at alle dei berande vaksenrollene blir solid ivaretatt med sterk musikalitet.
Regissøren har kutta i svingane. Det måtte han nok, for å få dette ned til to timar, og for å få det inn på Sandnes Kulturhus. Det hender at vi merkar det. Mr. Warbucks har knapt treft Annie før me får høyra at han vil adoptera henne. Når denne sjefete milliardæren seinare syng om eigen tvil ved å gjera det, er det nesten så ein stussar litt - det var jo så avklart, også i Warbucks karakter, som alt i første møte tydeleg har eit bankande varmt hjarta.
AtleHalstensen sine musikalske arrangement er eitt av elementa som bidrar til atoppsetninga er utan saumar og dødpunkt, men eg skulle gjerne sett heileorkesteret hans levande tilstades i kulturhuset si orkestergrav.
Men det er småplukk. Annie er flott. Alle i Annie.