Klassisk Karius & Co

Elisabeth Fjermestad og Gretelill Tangen som Karius og Baktus i Teaterhallen.

Men: Fungerer stykket frå 1940-årapå dei det er mynta på, nemleg barn i 2012?

— Det var gøy, seier Tomine og Lykkepå fire år og Frøya og Sigrid på seks år etter onsdagens premiere.

- Kva var kjekkast?

— Då tannkosten kom. Og boret,svarer Sigrid og Frøya, mens fireåringane meiner å ha avslørt at tannkostenbare var juks, for dei såg ein mann som styrte han.

Premieren framkalte både latter og gråt i salen. Ein litenpjokk på mammas fang ropte på mamma nesten kvar gong dei to på scenen opna munnen.

— Det var så skummelt at dei minstebegynte å grina, men han var sikkert bare 2,5 år, seier dei langt størrefireåringane.

- Ville dei minste i barnehagen synsdet var skummelt?

— Skummelt, svarer alle i kor.

Alle fire kjenner til Karius og Baktus frå før. Sigrid harbåde boka og lydboka, Frøya har sett filmen mange gonger, i tillegg til at hohar puslespelet. Det har Lykke også.

- Likna teatret på det de har settfør?

— Ja.

- Var Karius og Baktus gutar eller jenter?

— Begge var jenter, seier Sigrid.

— Dei var gutar, seier Frøya.

— Jens var ei jente, for det høyrdeme då han ropte på mamma, seier Lykke og Tomine.

- Var Karius og Baktus kjekkare ennPippi?

— Pippi var kjekkast, er Sigrid ogFrøya einige om. Dei var i Sola kulturhus og såg verdas sterkaste jentetidlegare i haust.

-Om de skal gi eit terningkast, derterningkast éin betyr at det var dårleg, mens terningkast seks betyr at det erperfekt, kva terningkast vil de då gi?

— Fem, svarer Frøya.

Som det tannhelseprosjektet det er, fekk alle ungane kvarsin tannkost på veg inn i teatersalen i går. Etter at dei fire korte aktene oghalvtimen der inne er over, sit dei og gumlar seigt snop og evaluerer nede ifoajeen.

- Veit de kva som skjer i tennenedykkar når de et snop?

— Ja.

- Så kva skal de gjera medtannkostane når de kjem heim?

— Pussa tennene.

- Fordi?

— Viss ikkje kjem Karius og Baktus.