Mange løgne glimt

Lars Funderud Johannnessen får ikkje kyssa Øystein Martinsens Julie, sjølv om manus krev det.
Dei er løgne. Øystein Martinsen som i overkant lystig Julie eller som lett forvirra Ofelia med utruleg dårleg Kristiansandsdialekt, Lars Funderud Johannessen som dansk slottsvakt, som Tore Renberg og som Julies velbrukte amme, Glenn André Kaada når han jålar seg til og flyr på veggen som halvgal Hamlet.
Dei tre saman, når Hamlet blir spelt fortare og fortare, når Funderud Johannessen absolutt ikkje får kyssa Martinsens kvinneframtoningar, når Kaadas Romeo på komisk vis døyr på Martinsens Julie, som jo sjølvsagt , sidan det trass alt er Shakespeare dette, ikkje er død likevel. Og aller løgnast er det når stykket Titus Andronicus, med element av drap, voldtekt, partering og kannibalisme, blir til kokkeprogrammet romerske rettar.
Martinsen er barnsleg fornærma og voldteken kvinne, som også har fått tunge og hender skorne av, Kaada er far hennar og kokk, også han har mista ei hand, i tillegg til sonen sin. Og Funderud Johannessen duppar truskuldig rundt i stampen som halvkokt voldtektsmann, velvilleg innstilt til sjølv å bli middag. Han har mista både det eine og det andre.
Og det kjem meir

Dei historiske kongedrama utspelar seg som fotballkamp, Macbeth har fått selskap av MacNuggets og Mac meg både her og der, og viser seg også å vera bror til åttitalsfjernsynshelten MacGyver.

Othello må dei vera forsiktige med, for han var svart, og då kan ein koma til å bruka ord som kan støyta nokon, difor blir stykket til rap, med velplasserte Halvdan Sivertsen-tekstar, etter at dei har fått rydda opp i Martinsen, som misforstår, og trur at mauraren Othello ikkje var Nord-afrikanar, men maur.

Han misforstår ein del, Martinsen, blant anna trur han stadig Shakespeares kvinner spyr før dei døyr. Elvis er også innom, som konge og dermed Hamlets onkel. Kva som har føregått i den heller forrykte danske familien blir illustrert med In The Ghetto heller enn med Love me tender.

På skulebenken

Sånn. Dette er alle Shakespeares stykke på halvannan times tid. Og det er løgnast når dei faktisk spelar, og når dei undervegs kommenterer kvarandres meir eller mindre kloke oppfatningar av det heile. Men innimellom dett eg av, særleg når vi skal forklarast kva som skal skje, eller kva det var med Shakespeare, eller med stykka hans.

Det kan sjølvsagt ikkje vera bånn gass på scena heile tida, men desse brota med ganske lange, forteljande tekstar har fått noko skulemeisteraktig belærande over seg. Dei virkar ikkje heilt nødvendige, og dermed blir dei heller ikkje heilt overbevisande.

Her burde regissøren tatt grep, stramma inn og kutta. Heller ikkje når alle Shakespeares komediar blir til ein tekst, ramsa opp av alle tre, samtidig, heng eg heilt med — det er mykje tekst, og den er vanskeleg å få med seg..

Hamlet

Heile andre akt er via Hamlet. Etter ein del om og men, riktig nok, som er artig ganske lenge, men ikkje like lenge som det tar - vi gjettar kor det fører hen lenge før vi blir ført dit.

I Hamlet må publikum bli med. Opp på scena, eller som eit sant kaos av Ofelias indre stemmer frå salen. Det er eit grep som er så framandt i ein teatersal at det skal gjerast frykteleg godt for å treffa. Her blir det litt pinleg, særleg til å begynna med. Og det tar veldig lang tid.

Før dei tre skodespelarane heldigvis får scena for seg sjølv igjen og drar oss inn i hurtigversjonen av Hamlet, fortare og fortare, løgnare og løgnare, til vi igjen gir oss over og lar oss imponera.

Absolutt Shakespeare er løye. Dei tre på scena er løgne, kvar for seg og saman. Men regissøren burde stramma inn fleire hakk fleire stader, så ikkje dei tre måtte jobba så hardt for å henta oss inn igjen til meir av sitt elleville spel.