"Mennesket kommer gående mot nord," les Kirsten Hofseth. Frå Knut Hamsuns nobelprisvinnande roman "Markens grøde". Den er gammal, den er frå 1917. Naturen blir intenst skildra, menneska nesten brutalt nøkternt.
Isak Sellanraa byggjer seg ein gard med sine eigne to hender. Inger, med det stygge hareskåret, kjem til han, og blir hos han. Ho er snill, flink til å arbeida. Ho drep det eine barnet sitt, ei jente. Ho har hareskår, som Inger.
Hamsuns skildring av moras kjensler då ho drep og gøymer barnet sitt i skogen? Ei kort setning. Om at ho hadde krøller i nakken.
Spennet er stort frå dei intense naturskildringane, den voldsomme trua på den sterke mannen og naturen, det romantiske synet på den sjølvberga bonden, den like voldsomme skepsisen til industri, handel, byliv, og pengar. Og den psykologiske innsikta, som med få ord ofte bare skildrar det ein kan sjå, og lar alt det andre stå og dirra i mellom. Og det er ikkje barnedrapet som kjem mellom dei to. Det er sansen Inger får for byen, der ho sona straffa si.
Teaterstykket "Markens grøde revisited" gjer det med ein gong klart for oss at dette er eit spel. Det er her og nå. Skodespelarane virrar rundt på scena mens Hofseth les. Kva dei skal, er uvisst.
Dei går ut og inn av roller, dei bytter på å vera Isak og Inger, sjølv den yngste jenta på scena er Isak i ei scene. Og visst er det komisk når den høgaste mannen av dei alle er veslesyster, og den aller minste jenta presenterer seg som storebror. Kirsten Hofseth har eit suverent nærver på scena stykket i gjennom, ho er fæle Oline, som ikkje kan få nok av kaffi eller av noko anna som er Inger og Isaks, ho skrøner og lyg og stel og skrøner igjen. Og dei tre frå barne— og ungdomsteateret er verkeleg flinke, dei er på scena nesten heile tida, det er stort prestert.
I brokkar og brot får vi kontrastane mellom det gamle og det nye. Når Inger kjem tilbake, må alle vaska hendene med såpe før dei går til bords, den nysydde kåpa til den nye veslesystera er i latex, nabo Brede spring seg tussete på leit etter dyrt metall i fjella sine, garden hans går under hammaren til slutt, til stor ståhei, det blir fest og dekadense og gruvedrift.
Innimellom får vi glimt av eit lite møte mellom dei to, Inger og Isak, ved peisen Der dei begge vedgår at dei ikkje klarte å vera mot den andre slik dei skulle. Og etter festinga og gruvedrifta og nabo Brede sitt fall, skal vi over til ei scene der Isak, som driv på med sitt, får eit tre over seg. Han treng hjelp, men nabo Brede "tar blikket til seg" og går igjen. Før Hamsuns tekst blir avbroten av teaterets Brede, som nektar og nektar og lyg og lyg, til eit talekor av Isak'ar som gjentek og gjentek at Brede let vera å redda han. Før gruvedrifta opnar igjen, men på den andre sida. Det finst jobbar her i regionen, fortel ein kapitalist. Dei treng kompetansen som finst her, men folk må flytta seg over på den andre sida. Den var vel kanskje til oss, til Stavanger?
Alle brotstykka og vendingane er sjølvsagt ein måte å halda fram avstanden til Hamsuns tekst på, visa at vi får ikkje heile, vi er ikkje i hans verd.
Men til saman blir det utvendig. Hamsun blir verken snudd opp-ned, fillerista, satt på spel eller dyrka fram til rein essens.
I staden framstår stykket som ein uferdig workshop, der ein bare leikar over brokkar frå Hamsuns tekst, utan å stoppa opp, gripa tak i noko, dyrka det fram, eller la leiken ta fullstendig ellevilt og heilt hinsides langt av.
Ved heile tida å minna oss på at dette bare er eit spel over Hamsuns tekst, blir ingenting faktisk satt på spel. Bredes fall og industriens inntog verkar bare gammalmodig, motsetningane mellom by og land og ho og han bare litt komiske, som påfunn over ein gammal tekst som ikkje lenger har noko å bety.