Moro med McIntyre

Store skjermar sørga for at alle i DNB Arena fekk med seg mimikken til Michael McIntyre.
Liten mann, stor scene, stor humor. Michale McIntyre kom, såg og vann DNB Arena fredag kveld.

— Hai, hai. Hai, hai. Hallo Stjavænger!

På den svære scenen i den store hockeyhallen stod ein ganske liten mann i lue og skjerf frå Oilers. Han smilte, kvekka "hai, hai" og ein slags versjon av "æ, ø, å" – "dei vanlege bokstavane i alfabetet var altså ikkje nok for dykk nordmenn, nei" – og prøvde seg på eit par setningar på eit slags norsk. Og han hadde dei 5000 i DNB Arena i si hole hand frå første sekund.

Michael McIntyre hadde med andre ord gjort heimeleksa si. Som den drivne toppkomikaren han er, veit han at den beste måten å fri til eit publikum på, er å visa at du har lagt deg litt ekstra i selen for akkurat dei; at me som har møtt opp i kveld får noko spesielt. Dermed starta showet han har turnert Storbritannia med det siste halvåret – "Happy and Glorious" – med referansar til Stavanger, til Oilers, til sardiner, og til funnet av olje i 1969. Og så skrytte han litt av publikum – nok ein måte å skapa kjærleik mellom sal og scene – for å vera så velvillige, for å le av alt han sa:

— Men det skjer vel ikkje så mykje her til vanleg. Det einaste de hadde å gjera på i går, var vel å sjå på snø bli til sludd, sa McIntyre, før han tok fatt på det som nok er det eigentlege showet hans.

Snill og morosam

Michael McIntyre blir marknadsført som ein komikar med sylskarp observasjonsevne og ei eiga evne til å laga vanvittige scener av kvardagslege situasjonar. Han er ikkje frekk, han er ikkje på kanten, han provoserer ingen, verda utanfor kvardagslivet eksisterer ikkje i McIntyres repertoar. Han er den snille, folkelege komikaren som snakkar om kona og ungane sine, om dei små handkleda på hotellet, om at han er litt for tjukk. Det er sånt materiale som så mange stand up-komikarar prøver seg på, men som det skal særs mykje til for å lukkast med.

Det er vanskeleg å vita nøyaktig kvifor McIntyre får det til utan å bli platt og uinteressant. Men han har altså eit heilt spesielt komisk talent, fantastisk observasjonsevne, sylskarp timing og akkurat passe balanse mellom gjenkjenning og originalitet. Alle som har lege i ei dobbeltseng med nokon, kjenner igjen rare sovestillingar og den manglande matchen mellom favorittsovestilling og filmversjonen av romantisk samliv. Men dei færraste ville klart å snakka, og få 5000 menneske til å le seg skakke, om bifokale briller og optikarar. (Eg skal ikkje ein gong prøva å forklara vitsen. Du må nesten ha vore der.)

Flyplassen

Den einaste gongen eg lurte på om det var på veg til å bli litt døllt, var i nummeret om kappløpet mot bagasjen og køkultur på flyplassar. Fly(plass)humor er gjort, med vekslande hell, av så mange komikarar at det nesten burde bli forbode å gjera meir av det. Men eg tilgir McIntyre, kanskje fordi han gjekk rett over til å fortelja kor underleg det er for han å koma til eit heilt anna land, eit land med æ, ø og å, og oppleva at folk skjønar kva han seier. Sjølv om han jo lurte på om me lo bare for å le, utan å skjøna eit kvidder av kva han eigentleg sa.

McIntyre bruker både kropp og scene for alt det er verdt, i tillegg til det verbale og mimikk formidla over store skjermar. Han går og går, både når han gjer sitt funny walks-nummer, når han skal illustrera britisk kø-kultur og når han undrar seg over svingdøras funksjon og verkemåte (det er jo alltid ei vanleg dør rett på sida. Og kor ille er det ikke å hamna i ei trong svingdørluke med ein komplett framand...)

Balkong?

Etter ein time og ti minuttar takka han plutseleg for seg, men var tilbake etter cirka 40 sekund for ekstranummer. Som han igjen la til Stavanger, og som igjen viste at han har førebudd seg for akkurat denne kvelden. For oss:

— På veg frå flyplassen la eg merke til at de har balkongar med tak over. Er det normalt i Norge? Er ein balkong med tak over eigentleg inne eller ute?

Gudane veit.

Og så var oppvarmar Paul Tonkinson også god. Det skal han ha.

LES OGSÅ: