Kva i all verda var det eigentleg me skulle på? Før lyset blei dempa og den musikalske gjesten Lars Winnerbäck rusla inn på scenen på Stavangeren laurdag kveld, var det knapt nokon som heilt visste. På plakaten på billettkontoret på Stavangeren stod det at kvelden med Harald Eia, Karl Ove Knausgård og Åsne Seierstad – som erstatta ein sjuk Jo Nesbø – skulle vera "Et slags talkshow". På annonsen på nettsidene stod det "Et slags bokbad". Og inn kom altså ein svensk trubadur og opna for ein humorist og sosiolog, i samtale med to høgkulturelle norske forfattarsuksessar – alle kledde i den intellektuelle uniforma svart. I humorhuset Stavangeren. Skulle me få revy for intellektuelle? Julekonsert for hjernefolket? Skjemt eller alvor, vitskap eller kunst?
— Me skal snakka om tekst og folk som skriv tekstar i dette showet. Ja, eg kallar det eit show, sa Eia, då Winnerbäck hadde sunge ferdig første song og Eia tok over.
— Dette skal ikkje handla om humor, men om litteratur. For om eg er komikar, er eg også ein lesar. Men det blir ikkje sånn internt prat, og ingen skal føla seg dumme. Om dei ikkje er dumme, då, sa Eia, og hadde dermed gitt ei slags brukarrettleiing til kvelden.
Og så ei viktig opplysning til: Verken Knausgård eller Seierstad aner på førehand kva Eia vil ta opp med dei, sidan kvar av dei fire kveldane dei kjører dette showet i dei største norske byane er unik. Og med tanke på at Eia er ganske god på, og glad i, å finna dei vonde punkta, blei noko av det kostelege denne kvelden å sjå korleis dei to intervjuobjekta grua seg kvar gong Eia sa at han hadde ei overrasking til dei.
LES OGSÅ:
Første bolk i programmet likna mest av alt på "et slags bokbad", der Eia stilte spørsmål og forfattaren las utdrag frå bøkene sine. Forskjellen på eit konvensjonelt bokbad og Eias variant, er at det ikkje var Knausgård eller Seierstad som bestemte kva dei skulle lesa, men Eia. Som altså har utfordra det pinlege og vonde mang ein gong, men som meiner han har funne sin overmann i Knausgårds "Min kamp". Så då Knausgård skulle lesa derifrå, var det nettopp ein passasje full av skam. Pedagogisk plusspoeng for å visa teksten som blir lesen på storskjerm. Og så bruker altså Eia dette utdraget til å gå inn i det vonde og vanskelege. Eia har regien, forfattarane har bare å svara.
Er det show? Nja. Det er stadig fascinerande å høyra Knausgård snakka om "Min kamp"-prosjektet. Og til å vera ein mann som snakkar seg sjølv så mykje ned, er han både god og morosam på scenen. Det er også interessant å høyra Åsne Seierstad snakka om research og språkleg jobbing med "En av oss" – nylig kåra til ei av årets ti beste bøker av sjølvaste New York Times. Men både tematikken – 22. juli – og Seierstad er ganske alvorlege, så akkurat her liknar det ikkje så mykje på eit show. Og om det er interessant, er det også ganske nerdete om researchmetodar, skrive— og redigeringsprosessen som ligg bak ei bok, enten det er Knausgård eller Seierstad det handlar om.
Men så skiftar Eia plutseleg sjanger, og går inn i vitskapsrolla me kjenner han frå i "Brille". Bolk to av kvelden er via den store, psykologiske personlegdomstesten Eia sjølv har teke og skrive om, og som han nå har utsett Knausgård og Seierstad for. Slik får me til dømes vita at Knausgård er nevrotisk, mens Seierstad ikkje er det. At begge har høge ambisjonar og er ganske føyelege.
Eia elskar jo dette, men sjølv om her er mykje moro, og Knausgård og Seierstad byr imponerande mykje på seg sjølv, blir det litt for nerdete og litt for langt.
Det skal utruleg mykje til for å halda eit slags bokbad, eit slags talkshow eller bare eit slags show gåande i over to timar utan at det i periodar mister intensitet og spenst. Det rammar også denne kvelden. Men hyggeleg var det.
LES OGSÅ: