Ajax-nostalgi med sjarm

For tredje år set Gretelill Tangen, Torfinn Nag, Sally Nilsson og Espen Hana opp "Ajax før jul".

Når Sally Nilsson, Gretelill Tangen, Espen Hana og Torfinn Nag denne adventa for tredje året på rad spelar "Ajax før jul" på Stavangeren, må me vel etterkvart kunna snakka om ein tradisjon. Interessa for å sjå og høyra nokre av Stavangers mest folkekjære skodespelarar framføra tekstar av ein av byens mest legendariske forfattarar har vist seg å vera stor dei to siste åra.

Kvartetten bak oppsettinga håper sjølvsagt å nå dei som har levd ei stund og som kan sin Ajax. Men dei vil også gjerne nå nye generasjonar med denne delen av den stavangerske kulturhistoria. Det skal dei i seg sjølv ha ros for.

Eit anna Stavanger

Det store fleirtalet av premierepublikummet søndag var likevel ikkje akkurat nykonfirmert. Dei humra og kosa seg til tekstar og referansar frå eit anna Stavanger og ei anna tid enn i dag. Den Pedersgata som ein adventssøndag i 2015 leverer take away-sushi, -pad thai, -tandoori og -falafel til halve byen er ei anna gate enn den Johanna og Broremann leika i og frøken Sørensen sydde klede i, der alle hugsa krigen, folk lytta til radiosjakken og hadde fjernsyn i svart kvitt.

Espen Hana har laga hyllingssong til Ajax.

Likevel fungerer jamt over tekstane, også i 2015, rett og slett fordi dei er gode. Gjengen bak "Ajax før jul" har hatt rundt 800 tekstar å velja mellom, og har valt ti stort sett fine – om enn ikkje alltid like julerelaterte – tekstar og fem songar. I tillegg opnar det heile med Espen Hanas fine, nyskrivne hyllingsmelodi til Ajax. Hana er forresten ein fin altmuligmann å ha med seg på slikt. Ikkje bare er han ein dyktig skodespelar og ei komisk gudegåve. I tillegg er han både ein habil pianist og ein flink songar.

Menn i dameklede

Aller best fungerer det når gjengen på scenen spelar ut karakterane i staden for bare å lesa dei opp. Det er rett og slett smikkløye når Nilsson, Tangen og Nag spelar tre mogne damer i "Sjynt å kjøra buss", mens Hana er pianist og sjåfør. Like løye er det når Nag er ein litt toskete far te 'an Marton og Hana er ei stadig meir irritert mor te 'an Marton i "Styremøde før jul".

Om Nilsson & Co er fantastiske formidlarar av tekst, er dei ikkje songarar av same kaliber

Det fungerer også fint når skodespelarane går fram på scenen og fortel historiene direkte til publikum, mens eg tenkte for meg sjølv at det gjer noko både med forteljinga, kroppsspråket og kommunikasjonen med salen når skodepelaren står og les ein tekst opp frå ei bok. Ein kan vera aldri så god til å lesa, men det er ikkje utan grunn at scenekunst som hovudregel blir presentert utan manus i handa. Scenekunst er ikkje radio eller foredrag. Det skal også vera visuelt. "Ajax før jul" er ei enkel og likefram framsyning – til tider litt for enkel og likefram.

Snubling med sjarm

Om Nilsson & Co er fantastiske formidlarar av tekst, er dei ikkje songarar av same kaliber. Ambisjonen på songsida strekkjer seg ikkje ut over å prøva å syngja einstemt. Men det som manglar på det songtekniske – og når dei snublar i manus – reddar dei seg inn på gjennom bøttevis med sjarm. Dette er fire av byens mest erfarne og folkekjære skodespelarar, og skulle det gå litt i ball der oppe, treng ikkje Sally Nilsson gjera anna enn dra ein liten grimase eller kasta eit Sally-blikk ut i salen, så ler folk. Ho treng faktisk ikkje gjera anna enn å gå inn på scenen eller reisa seg frå ein stol for at folk skal le, faktisk. Noko som i seg sjølv er kulturhistorisk interessant for oss som drog snittalderen ned på premieren.

Somme av tekstane er nye av året, andre er reprisar frå i fjor – tekstar det er umulig å droppa. Det går ikkje an å setja opp "Ajax før jul" utan "De små armane". Og akkurat den er det vel ingen som les heilt som Sally Nilsson.

LES OGSÅ: