Kulokk, korps og komikk

Første møte mellom Jon (Magnus Rostad) og Veslemøy (Maria Drangeid).

Dei har fire pupper og fire magar, går på to bein, heiter Kissa og Gabba — Gabba etter Gabba på Randaberg, ikkje Garborg - dei plukkar med seg kubeina sine frå knaggen på veggen når dei får beskjed om å gå til sengs, og dei er Veslemøy sine kyr. Veslemøy bur nok ikkje så langt frå Storhaug, med mor og Kissa og Gabba, mor er snaisen og løyen og har forsåvidt veldig flott skjegg til mor å vera, sidan det nå vil seg sånn at ho blir spelt av Lars Ueland Norås, og Veslemøy – spelt av Maria Drangeid – er halvstor. Ikkje for stor til å leika, ikkje for stor til å be om skumle eventyr, men stor nok til å bli forelska for første gong. I Jon. Som sel lodd til inntekt for Nylund skulekorps, og syns det er rått at Veslemøy kan sjå spøkelse og slikt, i omtrent to dagar, til han ikkje kjem til henne likevel. Snart kjem han hand i hand med Megga frå Åsen, far hennar eig heile Åsen Bowling, ho kan få så mye gratis slush ho vil. Ho veit at Veslemøy kan sjå spøkelse. Det ho fortalte til Jon (Magnus Rostad) i stor, nyforelska tillit. Og bare til han.

Innimellom dette, har Elisabeth, storesyster hennar, som er død, kome til henne og fortalt henne om det ho kan sjå, og bedt henne vera forsiktig, for ikkje alle spøkelse er gode, dei kjem til å villa lokka henne med seg, lura henne, dra henne inn i deira rike.

Dei gjer jo det, etterpå, etter det med Jon. Veslemøy lar seg lokka, men stansar, vil ikkje likevel, drar tilbake, drar heim til den snaisne mora med dialekt litt lenger sørfrå, og til Kissa og Gabba, og alt blir eigentleg bra til slutt.

Smikkløye og sjarmerande

Og inni alt dette, går dei fire skodespelarane i Vrangforestilling på smikkløye og sjarmerande vis inn og ut av roller, inn og ut av stykket, inn, men mest ut, av Garborg sine tekstar, snakkar med publikum, med lydmannen, med kvarandre, blir sufflørar og kordamer og dansande englar med røde ballongar. Scena er bare golvet i Maskinhallen på Tou, kyrne har grøn- og gulstripete shortsar på seg, mens spøkelsa er utan andlet og verkeleg skumle. Lørdagsmonologen er fantastisk, Malin Landa har øvd, det er hennar tur, Veslemøy får venta, sjølv om ho nesten ikkje klarer det - det er her ho like godt kan vera sufflør, sidan ho nå sit der og ventar, likevel. Det er Garborgs dikt brukt på intelligent, humoristisk og musikalsk vis. Det går ikkje så bra for Malin, ho har misforstått heilt frå starten av, og finn det ut på scena. Det er løye, det er eit fint brekk og sidespor. Det er fleire slike, det er dunger og lass av talent, skodespelarkunst, innfall og utfall. Som det var i fjor, då det var Peer Gynt som fekk gjennomgå.

Alvoret blir trengt bort

Men det er lettare å le av Peer Gynt enn av Haugtussa. Han er ein overflatisk fjott, ho er ei sky, ung jente, hans fall er hans eige, Veslemøys fall blir utløyst av andre. Av den eine utanfrå ho våga visa sin tillit. Det endrar henne for alltid.

I alle gjennomtenkte innfall og utfall, i den intelligente, uanstrengte leiken med nåtid og fortid, 1800-talstekst og daglegspråk, blir det såre alvoret hos Haugtussa til slutt trengt bort.

Sviket og sorga og diktet "Vond Dag" kunne trengt å få stå litt lenger i det såre, at Jon faktisk vel makt og ære framfor kjærleik, treng nok eit anna symbol enn bowlinghallen på Åsen for å bli verkeleg for oss.

Så er ikkje innvendinga at dei herjar for mye med Garborg, at gamle klassikarar skal ein ha respektert for, eller noko slikt. Nei, det er denne - at i store tekstar og stort teater er humor sjeldan bare humor, og alvor sjeldan bare alvor. Det andre må få nok plass til å dirra med, om så usagt. Og dei aller beste kan klara radbrekka ein klassisk tekst og likevel halda fram sjølve kjerna i originalen. Det trur eg Vrangforestilling også kan. Dei må bare sprengja si eiga form litt først.