.AFTENBLADET BACKSTAGE FØR PREMIEREN:
( Stort biletgalleri)
Dette har skjedd
Før det, skulle veldig mykje forteljast. Om Jean Valjean som slepp ut av fengselet i 1815, om nidkjære Javert, som aldri gløymer kva lova har sagt er rett, om Fantine, som har eit barn utanfor ekteskap, om dei elendige rundt dei på alle kantar, om biskopen som gir Jean Valjean nattely og set han inn på ein betre veg. Det er som om alt dette bare må få passera revy, det er nesten som ein "dette-har-skjedd"seanse, så vi skal ha nok med oss til å gripa møta mellom desse to, eller gripa livet til det eine, elendige mennesket som skal syngja aleine om alt sitt ein stad lenger der framme.
Og akkurat det er synd, for på scena står eit ensemble med formidable kvalitetar. Det er store stemmer og stor musikalitet, ikkje bare hos Jean Valjean, som syng sorg, kjærleik, liv og død, og får stemma si til å tilhøyra ein svært gammal mann før kvelden er over, det er ikkje bare Britt-Synnøve Johansens Fantine, som held tilbake akkurat nok til å gi den fattige kvinna liv, i staden for bare stemmeprakt, eller bare Mareike B. Wangs levande Eponine, som må syngja at ho elskar, men elskar aleine, nei, det er heile ensemblet, det er alle på scena, det er musikalitet og flotte stemmer absolutt over alt. Og det er absolutt den sterkaste kvaliteten ved denne versjonen av Les Miserables.
For dei kunne fått gjort mykje meir. Ensemblet kunne vore villare og galare på horehus, høgdaren "Master of the house", eller "Konge på ei kro", som den heiter på norsk, kunne hatt endå mykje meir av forloren og frekk energi, dei store tablåa kunne vore spenstigare, spenningane mellom to menneske kunne vore tydelegare, scenografien kunne gitt meir liv og fleire kontrastar til scenerommet. Dei grå kulissane av ein port på tvers av scena står der altfor lenge utan grunnar gode nok, og kostyma, som skal gi oss dei elendige og dei litt mindre elendige på tidleg fransk 1800-tal, trugar med å ta over for menneska inni dei — vaksne Cosette forsvinn nesten i kostyme og parykk, og verken Jean Valjean sjølv eller krovert Espen Hana treng hjelp av så mykje sminke for å få oss til å tru på kven dei er. Tvert i mot.
Det er ein av dei mest kjende musikalane som finst. Med dei mest kjende songane, og med Victor Hugos dramatiske roman som bakteppe. Det er liv og lagnader ein aldri kan koma seg vekk frå, det er dei gode og dei vonde, det er sosialpolitikk og opprør og det er heftig.
Alt dette blir for ofte bare tamt gjengitt i scenografi, kostymer og regi.
Men de vil sjå dette, det er klart de vil, de vil høyra alle dei flotte songarane på scena, dei femmaren går til, de vil høyra eit skikkeleg, levande orkester, som onsdag kveld riktignok var litt premierenervøse her og der, de vil sjå kor utruleg gode barna som er med er, og når de etter tre timar er matte og tomme og overvelda, så veit eg det jo ikkje, men eg trur de vil tumla heim og kyssa dei de har kjært, halda rundt dei og vakta dei mot all verdas elendigheit.