Etter ein time og ti minutt og ståande premiereapplaus er det over.
— Så: Kva syns de?
Emine: Det var løye.
Frøya: Løye og kjekt.
— Kva var kjekt?
Sigrid: Alt. Men eg likte ikkje ho der krumprinsesse Mettimagen.
Emine: Ho dansa kjemperart.
Sigrid: Han dansa kjemperart. Og så snakka han kjemperart.
Her trengs det kanskje litt forklaring. Krumkaker er tradisjonelt fylt med multekrem. Eller luft. I "Sirkus Svartnissen" er krumkaka fylt av ein slags kvinneleg versjon av Vegar Hoel. Sørlandsktalande Krumprinsessekake Mettimagen skal stå for utskyting av ny julestjerne når den gamle sløkkjer – som skjer kvart hundrande år. Utan julestjerna har Rudolf ingenting å styra etter, og då blir det heller ingen pakkar på barna. Dermed har Svartnissen nok ein sjanse til å øydeleggja jula, om han klarer å hindra oppskytinga.Storyen er altså omtrent like tynn og sprø som ei krumkake. Men ingen drar til Sola kulturhus for å oppleva Tsjekov i desember.
— Kven likte de best då?
Emine: Eg syns Svartnissen var ganske løyen.
Sigrid: Ja, han likte eg best!
Emine: Og Rudolf.
Sigrid: Eg likte best Svartnissen.
Frøya: Eg likte ikkje Svartnissen, for han var så slem.
(Far likte best Rudolf, eit godsleg dyr frå Åseral med karakteristisk ganglag. Og så er faktisk far ganske svak for nokre av blødmene til Kissa Nissemann. Dei ligg godt under beltestaden, men går heldigvis langt over hovudet på dei på sju år.)
— Kva syns de om historia då? Har de høyrt at Rudolf treng ei stjerne å styra etter?
Sigrid: Nei, det er bare tull. Dei andre reinsdyra styrer etter den røde nasen til Rudolf. Utan den nasen hadde aldri nissen kome fram.
(Her fortaper to av dei tre unge kritikarane seg pussig nok i ein diskusjon rundt Jesus, manglande religiøsitet, Svartnissens sympatiar og antipatiar og så vidare. Det blir for komplisert for avisa, og ligg strengt tatt eit stykke unna tematikken i "Svartnissens Sirkus".)
— Når me skal melda eit stykke som dette, må me bestemma eit terningkast. Terningkast éin betyr at det var skikkeleg dårleg, to betyr ganske dårleg, tre betyr heilt greitt, fire litt bra, fem kjempebra og seks...
Emine: Seks er superbra!
— Ja. Så kva terningkast gir de? Frøya?
Frøya må tenkja seg ganske lenge om før ho kjem med sitt første forslag: To eller tre.
— Du likte det ikkje noko godt?
Frøya: Jo. Kanskje fire?
Emine: Meg og Sigrid syns fem.
Frøya: Fire. For eg likte ikkje ho krumprinsessa.
Sigrid: Eg ville sagt seks om det ikkje hadde vore for ho dama eg ikkje likte. Som var ein mann.
"Sirkus Svartnissen" er 12. versjon av Barnas store julerevy. Kvart år er det ny tekst, nytt stykke, sjølv om hovudkarakterane er dei same. Det skal gjengen ha ros for. At dei ikkje resirkulerer det same showet frå år til år og sel ut hus etter hus bare på gammal moro, liksom.
— Syns de dette var like kjekt, kjekkare eller mindre kjekt enn dei andre gongene de har vore her på julerevyen?
Emine: Eg likte det like godt.
Sigrid: Eg også. Like godt.