Kort kurs i Putin-historie

Putin_+omsl-1.jpg
Kanskje Vladimir Putin likevel ikkje er ein djup, gåtefull person?

Kva slags menneske er eigentleg den russiske presidenten Vladimir Putin? For folk i Vesten, og for mange russarar, framstår han som ein mystisk, tilbaketrekt person som opptrer i strengt regisserte samanhengar og syner lite av sitt eigentlege vesen.

Men kanskje er han ingen djup, gåtefull person? Ifølgje Mikal Hem les Putin lite, men hans største interesse er russisk historie. Og i russisk historie finst det nok av herskarar som stort sett har hatt to mål: Å gjera Russland sterkt, og seg sjølv rik.

Mikal Hem byr ikkje på nye avsløringar om Vladimir Putins karriere og personlegdom. Boka "Putin. Den ensomme tsaren" byggjer på tidlegare utgitt Putin-litteratur. Det meste er Putin-kritisk, men Hem siterer også mykje frå den sjølvbiografiske "Første person". For den som treng ein grei og oversiktleg introduksjon til Putins liv og karriere, er boka til Hem ein god innfallsport.

Forfattaren skildrar åra som tøff gategut i Leningrad (nå St. Petersburg), via jusstudiar og utstasjonering som KGB-spion i Aust-Tyskland, til den lynraske politiske karrieren på slutten av 1990-talet. Mannen som berre eit års tid før var ukjend for dei fleste, både i og utanfor Russland, vart vald til president med overveldande fleirtal i mars 2000. Korleis kunne det skje? Russlands historie handlar om ei stadig veksling mellom reform, reaksjon og revolusjon. Putin lova stabilisering, eit dramatisk brot med kaoset under Boris Jeltsin. Grunnlaget for styret hans hans er på sett og vis ein koalisjon av taparane under demokratiseringsprosessen, skriv Hem. Og desse taparane er mange, så mange at Russland sannsynlegvis er det einaste landet i verda der sjølve ordet "demokrati" vekkjer negative assosiasjonar hos eit fleirtal i folket.

Putin viste også stor handlekraft i oppgjeret med tsjetsjenske opprørarar, kritiske mediefolk og søkkrike oligarkar som ikkje ville underordna seg presidentens vilje. Dermed festa han tidleg eit grep om det russiske samfunnet, i ei tid som ropa etter ei fast hand. Det normale i Russland er at makta tér seg, og om det var forventningane til Putin, oppfylte han dei i fullt monn.

Putin har aldri lagt skjul på at målet hans er å gjenreisa Russland som stormakt, og at det skal skje gjennom ein sterk, sentralisert stat. Det er han tilsynelatande i ferd med å klara. Men Hem peikar med rette på at Putins Russland kan vera svakare enn det ser ut til. Den økonomiske framgangen under Putin har i stor grad vore basert på ein høg oljepris, og ikkje på effektivisering og produktivitetsvekst.

Korrupsjonen er verre enn nokon gong, noko ikkje minst Putins venner nyt godt av. Hem sannsynleggjer at også Putin sjølv har bygt seg opp ei milliardformue. Forfattaren skal likevel ha ros for at han også ser kritisk på ein del av dei mest elleville påstandane og konspirasjonsteoriane som verserer blant russiske opposisjonelle og i Vesten.

Derimot er det lite rosverdig at altfor mange namn i boka er stava fei.