Den norske ikonteiknaren

"Lang langt borte saa han noget lyse og glitre." Th-Kittelsen.

Ingen kunstnar har forma bildet vårt av det norske sterkare enn Theodor Kittelsen (1857-1914). Eventyrteikningar som Soria Moria slott, Kvitebjørn kong Valemon, Smørbukk og Nøkken i tjernet er blitt nasjonale ikon, men ikkje alle veit at Kittelsen også stod bak eit klassisk norsk kommersielt uttrykk som "mannen og fisken" på Bjellands hermetikk.

"Askeladd og troll" er tittelen på Arnhild Skres biografi om Kittelsen. Den spelar på Kittelsens emnekrins, men også på kunstnaren sjølv.

Theodor Kittelsen var ein outsider i det norske kunstnarmiljøet. Han kom frå ein kjøpmannsfamilie i Kragerø, faren døydde tidleg og mora sleit for å halda butikken gåande. Unge Theodor viste tidleg talent, men trong hjelp og fekk det av Diderik Aall, ein lokal skipsreiar og kunstelskar. For hans pengar kom Kittelsen seg til Kristiania, München og Paris.

Selvportrett 1891.

Kittelsen var ingen einstøing, han kunne underhalda stort i godt lag. Likevel var det noko usikkert og nervøst over han. Han deltok ikkje i dei kunstteoretiske diskusjonane, kanskje var han uinteressert, kanskje følte han at han kom til kort. Han var ustrukturert, og sleit med å arbeida i dei store formata. Somme stempla han som doven, ikkje alltid rettferdig. Han tok seg nær av kritikk, og han var plaga av pengesorger det meste av livet. I breva hans fell det mange bitre ord, ikkje alltid rettferdig det heller.Likevel skriv ikkje Arnhild Skre soga om ein ulukkeleg mann. Han opplevde å få suksess i si samtid. Og han vart godt gift med den elleve år yngre Inga Dahl. Saman fekk dei ni barn. Den diplomatiske og praktiske Inga var det stabile elementet i heimen, og ikkje minst ein buffer mot "sjakalhylene" frå kreditorane. Alt tyder på at Theodor visste å setja pris på det. Skre lar dottera Ingrid fortelja om då faren fekk tilsendt Ridder av St. Olav-ordenen i posten. Kittelsen pakka opp, og festa spontant medaljen på kvardagskjolen til kona si.

Arnhild Skre har levert ei heilstøypt bok, ikkje overraskande frå ein biograf av hennar utsøkte kaliber. Med djup innsikt i psykologi og store kunnskapar i allmennhistorie og kunsthistorie teiknar ho eit skarpsynt portrett av mannen og set han inn i tida han levde i. I tillegg har ho kompetanse, inkludert i male— og teikneteknikkar, til å gi kvalifiserte kunstkritiske vurderingar av Kittelsens verk.

Med denne kunnskapen i bagasjen skriv Arnhild Skre eit rikt og ikkje minst presist språk som det er ei glede å lesa. Skulle eg innvenda noko, måtte det vera at boka blir i overkant lang og detaljert. 500 sider er rett nok ikkje mykje etter dagens mål, men både Skre og andre biografar kan med fordel stramma seg noko inn.

Skre nemner til slutt at det har vore eit mål for henne å bryta opp bildet av Kittelsens verk som "en røst fra folkedypet og av den norske naturen som et selvgrodd landskap", og visa samanhengen med modernitet og internasjonale impulsar. Det greier ho berre delvis. Kittelsen vil nok også i framtida stå med etiketten "typisk norsk". Men han blir jo ikkje nokon mindre kunstnar av den grunn.