Liten tekst, mykje sagt

I ei tid og ein materiell overflodsdel av verda der kropps— og egofikseringa er så ekstrem og så uttalt som her og nå, blir vi dagleg og vedvarande påminna om anoreksi som fenomen, sjukdom og tema. Det blir skrive om anoreksi i aviser og vekeblad, i bloggar, tidsskrift og bøker, av sjuke og pårørande, fagfolk og kvarmann. Det er som om vi er omgitt av anoreksi.

I noko som med velvilje kunne gå for romanar, ga Linnéa Myhre (1990) i 2012 og i fjor ut «Evig søndag» og «Kjære», skildringar av sin eigen anoreksi, terapi og menneska nær henne. Dei hadde sitt publikum; men viss ein vil sjå anoreksi skildra og omgjort til skjønnlitteratur av det finare slaget, er Marianne Clementine Håheims (1987, debut 2012) førsteroman «Svart belte» boka å gå til. Ho er like imponerande som skjønnlitteratur som epikrise.

håheim.jpg

På hundre trykksider, der den enkelte, frittståande teksten ikkje ein gong fyller heile arket, har ho i eg-form skildra eit sjukdomsforløp frå det er klart at trettenårige «eg» er anorektisk, til ho er sjukehuspasient på femtenårsdagen, frå dei lokale sjukehuslegane erklærer at dei ikkje kan gjera meir, så ho blir sendt til psykiatrisk sjukehus i Bergen, opphaldet der, koss ho opplever seg, dagane og nettene, dei andre pasientane, koss ho har det med foreldre og familien elles (skuld er ei fastgrodd kjensle, like sterk som sorga over ikkje å vera god nok, slik ho vil vera):«Det eg har blitt, kan ikkje vere den eg er», seier ho som «har drege med meg sjukdommen inn i rørande møblerte heimar, med på familiebesøk og feriar.» Ein anorektikars forteljing må naudsynleg bli den ultimate egotrippen – og når forfattaren ein stad lar eg-personen heita Marianne, og ein annan lar henne reisa heim til Håheim, skaper ho ikkje nett distanse mellom forfattar og forteljar. Men akkurat dét er litterært uinteressant, i eit kunstverk om uboteleg einsemd og sorg, der det alltid finst endå eitt hol i utsveltingas «svarte belte».

(Men likevel: «kor», «der» og «då» må ho ikkje nytta om kvarandre.)

LES OGSÅ: