Kina-moralsk oppstrammar

Porselensdokker av Mao og andre heltar frå revolusjonen er nå samleobjekter i Kina.

I 1974 besøkte to unge norske marxist-leninistar, Kjell Arild Nilsen og Helge Øgrim, Maos Kina. Det var ei reise i eit land som den gongen stod som eit romantisk forbilde for mange radikalarar i Vesten.

Men mykje har skjedd sidan den gongen. Nå har Nilsen og Øgrim skrive ei bok som er alt anna enn romantisering av Midtens Rike. "Det er bedre å utstå kjeft og represalier enn å bøye seg for presset," konkluderer dei to, med adresse til politikarar og næringslivsfolk som gjerne vil "normalisera" eit forhold til Kina som har vore anstrengt sidan den opposisjonelle Liu Xiaobo fekk fredsprisen i 2010. At kinesarane er hårsåre og langsinte, er ikkje noko nytt. Blant dei kuriøse episodane forfattarane dreg fram frå fortida, er dei kinesiske protestane mot eit VG-oppslag etter okkupasjonen av Tibet i 1959. Der var eit bilde av Mao utstyrt med eit kvitt kryss, for å illustrera at den kinesiske leiaren hadde "mista ansikt". Kinesarane kravde at den norske regjeringa måtte straffa avisa for ei slik majestetsfornærming, og saka skapte diplomatiske forviklingar.

Frå 1949 til i dag

Nilsen og Øgrim har gjennomgått det kinesisk-norske forholdet frå revolusjonen i 1949 og fram til i dag, med vekt på dei dramatiske vendingane: striden om Kinas plass i FN, Korea-krigen, Tibet-saka og det katastrofale "store spranget framover" på 1950-talet, Kulturrevolusjonen i 1960-åra, maktkampen etter Maos død i 1976, og i nyare tid konfliktane omkring fredsprisane til Dalai Lama og Liu Xiaobo.

Forfattarane har hatt tilgang til arkivmateriale frå Utanriksdepartementet og brukt det i omfattande grad – kanskje i meste laget. Det kan ha ein viss underhaldningsverdi å få innsyn bak dei diplomatiske kulissane, og ikkje minst å sjå at norske ambassadørar ikkje alltid leverer dei mest kvalifiserte analysane, men det kan diskuterast kor relevant dette er. Ambassaderapportane må uansett berre ha vore ein del av informasjonen til norske styresmakter om Kina. Eg saknar ein breiare og meir systematisk analyse av kreftene og interessene som har forma norsk Kina-politikk; ikkje berre politikarar og embetsverk, men også næringsliv og sivilsamfunn.

9788248916635.jpg
Ukjent historie?

Boka lovar å fortelja "den ukjente historien" om det kinesisk-norske forholdet. Det spørst kor mykje ukjent det eigentleg er, men i den eldste historia er det naturlegvis mykje som er gløymt. Gjennomgangen av dei nyaste konfliktane er stort sett referat av ting som har stått i avisene.

"Kina vs. Norge" er ei grei oppsummering av seks tiår med kinesisk-norske relasjonar. Mange vil kunna ha nytte av den, sjølv om meir krevjande Kina-interesserte nok vil måtta gå andre stader for å få djupare innsikt.

Den tydelegaste meldinga i boka – og drivkrafta til forfattarane – ligg i den sterke moralske appellen om å stå opp mot eit land som trass all framgang og modernisering framleis er eit undertrykkande diktatur. I det perspektivet handlar det ikkje om å forstå Kina, men at dei kinesiske leiarane skal "ta til fornuften", som forfattarane skriv.