Krigen som alle tapte

Afghanistan 12. oktober 1984, ein tredjedel av folket er på flukt. Dette er lokale fridomskjemparar i Kunarprovinsen.

I desember 1979 vedtok politbyrået i det sovjetiske kommunistpartiet å senda soldatar til Afghanistan. Få avgjerder har hatt dystrare og meir langvarige konsekvensar.

Dei muslimske mujahedin-soldatane som kjempa mot okkupantane og dei heimlege kommunistane, fekk støtte frå USA, men også frå heilage krigarar frå ulike land, blant anna saudiarabaren Osama bin Laden. Då Sovjetunionen trekte seg ut i 1989, heldt borgarkrigen fram i Afghanistan. Osama bin Laden vende våpna mot USA og Vesten, og fann ly hos det islamistiskeTaliban-regimet som i 1996 tok makta i Afghanistan.

Så følgde angrepet mot USA 11. september 2001 og "krigen mot terror" i Afghanistan og Irak. I dag, 36 år etter den sovjetiske invasjonen, er det langt frå fred i Afghanistan, og store delar av Midtausten er eit blodig kaos.

Katastrofe for Sovjetunionen

Men også for Sovjetunionen var Afghanistan ein katastrofe, sjølv om styrkane vart trekte ut etter snaue ti år. Av ein halv million sovjetsoldatar som var i landet, miste over 15.000 livet. (Dei afghanske tapa var naturlegvis langt større.) Endå fleire tok varig skade på kropp og sjel. Bitre og brutaliserte Afghanistan-veteranar gjorde mange av dei skitne jobbane for mafiabandane som herja Russland og dei andre tidlegare sovjetstatane utover på 1990-talet. Og den upopulære krigen bidrog effektivt til å undergrava tilliten til sovjetsystemet og dei politiske leiarane.

Under og etter krigen møtte Svetlana Aleksievitsj, årets nobelprisvinnar i litteratur frå Kviterussland, ei rekkje menneske som hadde tenestegjort i Afghanistan. Og ikkje minst snakka ho med mange av mødrene som hadde fått sønene sine heim i sinkkister.Intervjua er blitt dokumentarlitteratur av høgaste klasse. Forfattaren held seg stort sett i anonymt i bakgrunnen, det er intervjuobjekta som fører ordet, somme av dei veltalande og reflekterte, andre hjelpelaust, stotrande fortvila – den språklege variasjonsrikdommen er framifrå formidla til norsk av Alf R. Glad.

Sorg, sinne og anger

Aleksievitsj går tett på menneske i sorg, sinne og anger. Bortsett frå at dei er anonymiserte, er det ikkje snakk om å verna folk mot seg sjølve. Men ved hjelp av alle dei ulike røystene teiknar ho eit sterkt bilde av ein krig som demoraliserte ikkje berre dei som tok del i han, men eit heilt folk.

Soldatane i det som russarane kallar Den store fedrelandskrigen måtte tola langt større tap enn invasjonshæren i Afghanistan. Men dei aller fleste veteranane frå krigen mot Nazi-Tyskland levde resten av sitt liv som heltar, og viste stolt fram medaljane sine på dei store festdagane.

Afghanistan-soldatane vart derimot, som Vietnam-veteranane i USA, eit symbol på nasjonal skam, på ein unødvendig, urettferdig og tapt krig. Dei var både eksponentar og offer for kynismen og menneskeforakta som kjenneteikna både Sovjetunionens siste år og det kaotiske nye Russland. Det er hjarteskjerande å lesa historiene om drap og overgrep mot sivile i afghanske landsbyar, eller om foreldre som har mista sine kjære. Men det er også opprørande å høyra om det audmjukande kvardagstyranniet, for eksempel korleis nidkjære og korrupte tollarar kunne ta frå soldatane små gåver dei hadde kjøpt til kjærastar og mødrer.

Saksøkt av intervjuobjekta

I siste del tek boka ei overraskande vending. For etter at ein del av materialet er publisert, blir Aleksievitsj saksøkt av nokre av intervjuobjekta. Dei meiner seg feilsiterte, men er framfor alt indignerte over måten dei framstår på. Aleksievitsj lar oss forstå at det kan stå mektigare krefter bak desse søksmåla, men vedlegget om rettsprosessen kan også lesast som ein vilje til å drøfta dokumentaristens evige dilemma: kor langt kan ein gå i å utlevera enkeltmenneske i tunge livssituasjonar for å fortelja ei større og viktigare sanning?

Aleksievitsj gir oss fyldig referat av rettssaka i 1992-1993 og debatten i tilknyting til den. Store delar av forfattarmiljøet i Kviterussland og Russland engasjerte seg for Aleksievitsj, i det dei såg som ein viktig prinsipiell kamp for ytringsfridommen.

Men forfattaren siterer også andre reaksjonar, blant anna frå publikum i rettssalen, mange av dei mødrer til Afghanistan-soldatar. For dei er Aleksievitsj ein svikar som har hengt ut sønene deira for dollar, og som har drege ein stolt hær ned i søla. Dei er forbitra over eit imperium i forvitring. Me ser tydeleg kimen til Putins appell om å gjenreisa den stolte russiske stormakta, linjene går til Krim, Aust-Ukraina og Syria.

Slik ligg skuggane frå Afghanistan ennå som ei forbanning over det gamle sovjetlandet.