Alle konfliktars mor

Det artigaste å lesa er alle mytane og legendene Odd Karsten Tveit har tatt vare på gjennom eit langt liv i felten, skriv Gudmund Skjeldal.

I haust kjem det minst tre bøker på norsk om den nesten evige og umogelege Israel-og-Palestina-konflikten, og meldingane av dei vil difor komma på løpande band dei neste vekene. Alle er skrivne av garva og profilerte journalistar. Først ut er Odd Karsten Tveit med den underhaldande og høgst ærgjerrige "De skyldige" på Kagge forlag.

Her blir nye opplysningar om Lillehammer-misera til etterretningsorganisasjonen Mossad fortalt, og alle dei viktigaste dokumenta knytt til Oslo-avtalen i 1993 offentleggjort. Tveit har late seg inspirera av mange hardkokte kriminal— og spionromanar, og boka er ført med ein ganske høg litterær ambisjon. Dette er forlagsreklamen.

Tjukk som Bibelen

"De skyldige" er tjukk som Bibelen. Og som i gamle utgåver av Bibelen er det nødvendige og gode kart av det omstridde landet heilt aust i Middelhavet i begge endane av boka. Og som i Bibelen fløymer boka over av Israels altfor mange og altfor blodige kampar mot andre folk. Og som i Bibelen er det særleg ei makt utanfrå som støttar Israel, og nesten gjennom tjukt og tynt på same måten som Herren Gud: USA.

Det er ikkje vanskeleg å sjå kva parti eller side Tveit tar i konflikten.

Men også norske politikarar som har støtta Israel altfor einsidig, som avdøde Haakon Lie, blir ført fram i skotlinja. Det er ikkje vanskeleg å sjå kva parti eller side Tveit tar i konflikten. Der skil boka seg klart frå Bibelen. Kanskje er noko av problemet framleis at mange i Israel ser på seg som eit utvalt folk - anten av Gud, eller av USA, av det internasjonale samfunnet meir generelt.

Det viktigaste å seia om "De skyldige", er at boka er journalistisk driven historieforteljing. Men det meiner eg at boka er avgrensa av journalistens perspektiv på bakken, og av journalistens ønske om å fortelja gode historier. Innsikt og oversikt blir såleis lett eit offer midt i skotvekslingane og under alle dei fæle massakrane.

Kva er dei drivande årsakene? Kva er det som held fram, og kva er det som endrar seg? Kvar byrja eigentleg den tilsynelatande umogelege konflikten i Palestina? Meir fortolkande og diskuterande historikarframstillingar ville truleg begynt med det internasjonale samfunnets inngrep og delvis overgrep ved etableringa av staten Israel i 1948. Tveit byrjar meir heftig med Seksdagarskrigen i 1967. Tidvis er det veldig medrivande lesing. Tveits stillingstaking er gjennomgåande overtydande, men ikkje forstyrrande eller påtrengjande.

Tvilsam forlagsreklame

Omgangen med kjelder syner også Tveits journalistiske trong eller legning. Det er endeleg mange fotnotar i boka, langt over tusen, men det er vanskeleg å sjå korleis andre bøker er blitt brukt – om dei er blitt sitert ordrett eller dramatisert og dermed forma på ny.

Forholdet eller minnet som dei intervjua kjeldene har til hendingar fleire tiår tilbake, blir heller ikkje drøfta. Og endeleg: Det er tvilsam forlagsreklame å kalla Osloavtalens dokument for offentleggjort når dei er koda som QR (alle dei små firkantane du veit) i margane. Det står ingenstad at ein må ha mobil for å ha full nytte av "De skyldige".

Det artigaste å lesa i "De skyldige" er alle mytane og legendene Tveit har tatt vare på gjennom eit langt liv i felten. Det understrekar dei bibelske dimensjonane på ny. Likevel fører ikkje forteljingane til særleg meir forståing av dei underliggjande drivkreftene i konflikten.

Likevel fører ikkje forteljingane til særleg meir forståing av dei underliggjande drivkreftene i konflikten.

Tolemot mellom palestinarar er stikkordet Tveit sluttar med. "De har ventet på rettferd, håpet at stormen skulle gå over."

Men lesaren ser jo at rettferd og finvêr ikkje er det same.