Jan Roar Leikvoll (1974 — 2014), kritikarrost, prisløna forfattar av fire rå og raspande romanar med handlinga lagt til ein konsentrasjonsleir, ei søppelfylling etter ein sivilisasjonskollaps, eit driftsridd klostermiljø og eit autoritært bysamfunn for kvinner, kjem no - året etter at han døydde av hjartesvikt - med ei posthum forteljing som er langt lysare og mindre dystopisk i tonen enn dei brutale, valdsfikserte tekstane som har gjort han til ein moderne kultfigur. I Bergen blei det i august t.d. etablert ein bokhandel der ein berre skal selja Jan Roar Leikvolls bøker.
I eit tolv siders langt, ryddig forord av redaktør David Aasen får vi vita at det dreier seg om ein etterlaten, uferdig tekst som forlaget og familien i fellesskap har valt å redigera og publisera.
Gjennom vel sytti små sider, fulle av vakre, naturpoetiske sanseglimt, i dødens skugge, følgjer vi den aldrande hovudpersonen Hans gjennom nokre stemningsladde haustdøgn. Innleiingsvis er han «eg», mot slutten blir han omtala som «han». Teksten har vestlandsk klangbotn og alluderer til både Bibelen, gresk mytologi og Jon Fosse.
Hans lever aleine og har vore sjuk, har mista ei kvinne og eit barn, insisterer på at han har fått «eit kall», forlet heimen og husdyra sine, set seg i robåten, sig utover fjorden, mot storhavet, og veit at han aldri vil venda tilbake igjen.
Denne kallsmedvitne predikanten eller «Forkynnaren» maktar i møte med skuld, smerte og sorg å gi trøyst og få lidande menneske til å forsona seg med tapet og det dårlege samvitet som trugar med å knekka dei. Den vakre Marie er det svikta barnet og den unge hora som brått kan sjå for seg eit anna liv. Den alkoholiserte, bitre mannen som sit aleine og er tatovert i sjela av minnet om den døde kona og sonen som omkom, set seg i robåten saman med Hans og Marie og satsar på ei betre framtid.
Diktaren som kompromisslaust har synt fram dyret i mennesket – gjennom irrasjonelle drifter og vald - står her brått fram som håpets apostel og kler rolla.