Anmeldelse: Stopp midt i livet

Claus Lundekvam i kamp med Noel Whelan i Coventryi 1996. Lundekvam skåra berre to mål i tida som midtstoppar og fotballproff i Southampton.

"Det er over nå. Det er fortsatt ikke over." Det er lett å ana inspirasjonen for startkapitlet i den medrivande historia om fotballspelaren frå Austevoll, Southampton-proffen Claus Lundekvam. Smerta i kroppen etter så mange kampar og skadar. Uroa for livet utan sporten. Lengta etter å bli ferdig på samme tid. Tema og ambisjonsnivå minnar om klassikarbiografien "Open" av og med tennisspelaren Andre Agassi.

9788202458669-1.jpg

Som i ganske mange sportsbiografiar etterkvart er boka fortalt i "jeg"-form, og med replikkføringar som ikkje er så mykje rekonstruksjonar som dei er diktariske fridomar Karlsen har tatt seg innanfor denne bekjennande sjangeren. Språket er røft og levande, og oftast utan altfor mykje melodrama.Kapitla vekslar mellom alle små og store fotball-dystar før den avsluttande testimonialkampen i 2008, og den opprivande nedturen i Lundekvams liv etter det.

Han legg nesten ingenting i mellom når han fortel om utruskapen, om fyllekulene og fengselsdommane, og den stadig sterkare avhengigheita av kokain. Til slutt havnar Lundekvam på ein avvenningsanstalt på Bolkesjø.

Den underliggande malen for historia er såleis "Raging Bull" — det filmatiske mesterverket om boksaren Jake La Motta. Først oppturen og suksessane. Så nedturen og fornedringane. Så eit glimt av lys og forsoning til slutt. Men lesaren føler seg slett ikkje sikker på det vil enda godt.

Claus Lundekvam, fødd i 1973, Brann(senior)spelar i 1993, blei fotballproff i det tiåret det enno gjekk an å gå på fylla etter kampar, og hangla seg gjennom treningane dagen etter. Fotballstjernene i England var som rockestjerner og livet deretter. Hasardiøs bruk av smertestillande held kroppane nokolunde oppe. Lundekvams hang til rus hadde såleis røter i fotballkarriera og kom såleis ikkje berre som eit resultat av tomheita etterpå.

Flaumen av pengar

På den eine sida har du dei ufattelege kontraktane og kva flaumen av pengar gjer med ein uførebudd og livssvolten ungdom. På den neste sida står eller ventar det kva forventningspress lønningane skapar. Så lenge du lukkast, er publikum og presse og manageren din som ei sky du verkeleg kan flyta på. Når du blir skada, derimot, eller ikkje ryddar unna angriparane like sikkert lenger, eller den kjende manageren din bytter klubb og den nye tviler på evnene dine, er det ein trekk inn gjennom alle dine dører og glas. «Ingen blir fortere glemt enn fotballspillere», seier Claus Lundekvam i boka si. Det er både grusomt sant, og slett ikkje sant, på ei og samme tid. Dei færraste av oss får gitt ut ein sjølvbiografi.

Korleis skrur ein livet sitt ned frå høgdene som ei fotballstjerne, til kvardagen mellom alle oss andre grå? Lundekvam heldt på å brenna alle bruer med kjemisk rus, med kokain. "Det er derfor du aldri skal ta den første stripen – da har du ingenting å sammenlikne med, vet ikke hva du jakter på. Det første møtet, derimot, brenner et hull i hjernen."

Styrken i desse delane av boka ligg i at Lundekvam også skildrar kor herleg kokainrusen er for han. Han får lyst på ein heil haug med damer. Han følger lysta også.

Dette er den litterære vurderinga. Den etiske vurderinga av utgivinga må bli noko annleis. Det er å vona at kona til Lundekvam gjennom mange år har fått lese gjennom boka på førehand, sjølv om dei no er skilt. Tilsvarsretten gjeld kanskje ikkje for bøker som for aviser, og ikkje er der ført fram sterke skuldingar mot henne, men samlivet blir bretta ut på ein måte som ikkje berre kan vera til lutring og til innsikt for henne.

Det same gjeld døtrene, som boka er dedikert til. Vil dei ha glede av å lesa slik botnlaus ærlegheit av sin eigen far? Eller vil dei møta det med skam? Denne lesaren vaklar.

Drivande historie

"En kamp til" er først og fremst ei drivande historie, og i mindre grad ein biografi som legg vekt på refleksjon og kritisk sans.

Vekslinga mellom sesongane i Premier League (tilbakeblikk), og dei stadig fleire krisene etterpå har den fordelen at lesaren kan få ganske lange og fyldige referat frå fotballkampane kvart år. For ihuga fans er det kanskje gildt, for denne lesaren er det i overkant mykje spel og mål. Gamle kampar kan endeleg gjerast spennande – berre sjå i Agassis "Open"!) – men då må ein velja noko meir kresent ut enn Thomas Karlsen har gjort i denne boka. Eit anna problem er kva punktering kvart skifte i kapittel er, for den livspulsen ein prøver å følgja frå Bekkjarvik i Austevoll, via The Dell stadion i Southampton, til mestringsklinikken på stillaste Bolkesjø innanfor Kongsberg.

Stillheita etterpå, kunne Lundekvams bok hatt til tittel. Det er stillheita han prøver å nyta no.