Spennande, krevjande

9788252186475 komplett.ashx.jpg

Erlend Kaasa (1976) fekk mykje åtgaum og mange godord for debutromanen sin, «Thunder Road», i 2009. Han fortener ikkje mindre for denne neste, «Livius». Den første var ein mangebotna skildring av norsk oppvekst, denne andre er ein vaksen manns krigshistorie på framand jord. Begge handlar om å veksa til høgare medvit og moralsk mot.

I det boka opnar, er hovudpersonen Lam 37 år gamal. Han har vore soldat i sju-åtte. Nå er han løytnant, har vore i strid i to år, og leier ei gruppe invasjonssoldatar i kamp mot dei lokale «opprørssoldatane». Krigen hans er identisk med dei ein samtidig norsk lesar med litt fantasi og forstand nå i mange år har sett skildra frå NATO-krigane i Irak og Afghanistan, men som her har ein sibirsk topografi.

Lam er ein handlingens mann, som kjem til å gjera fæle brotsverk. Han er også ein refleksjonens mann som lir under «bestialitetens morfologi», men som ikkje lar svevande teoritale få ufarleggjera alt det han verken vil eller kan fri seg frå: Krigføring som den han deltar i, bryt alle moralske grenser, bestialiserer og skaper ein avgrunn mellom dei propagandistiske verdiane han gjerne vil stå for og den verda han møter i felten.

Når han som straff for eiga ugjerning – til noko som vanskeleg kan bli anna enn eit sjølvmordsoppdrag — blir sendt ut i brodden for ein neve krigsmenn for å fanga tittelens Livius, skjer det svære narrative endringar, som det gjer i Lam sjølv. Vi får sjå koss den innlagde livs- og familiesoga til poeten Livius, hovudinspiratoren for motstandskampen mot utlendingane, har utvikla seg parallelt med Lam sin og for begge gitt kampen og krigen, alle kostnader, som resultat – som motmenn.

«Livius» er ein spennande krigsroman. Han er spennande om kva som driv to menn med verder mellom seg, mot og til kvarandre. Han er skakande ved å syna koss krigen bryt ned dei som deltar. «Livius» er også ein imponerande romankonstruksjon, konkret, sanseleg, rik på metaforar. Det er ei bok vi behøver. «I barbariet blir me alle barbarar.»