Roman til karakter 6: Historia (s)om eit brotsverk

Jørgen Norheim: Aldri redd for mørkets makt. Roman 316 sider. Samlaget

Det er langt mellom bøkene til Jørgen Norheim (1952, debut 1992). Til gjengjeld har dei sjeldsynte kvalitetar - ein romankonstruksjon som «Aldri redd for mørkets makt» lar seg elles ikkje produsera i ein snipp snare: På éin gong er han ein slektsroman over fire generasjonar, der karakterane utover å ha sine eigne liv også personifiserer eit heilt hundreårs politiske kamp og medvitsendringar her heime, mens han syner korleis draumen om den store sosialistiske revolusjon utvikla seg til bestialsk mareritt i Sovjetunionen.

Også korleis han i første fase tok livet av ein idealistisk nordmann som stilte sitt eige og familiens liv til teneste for det store kommunistiske prestisjebyggverket som Kvitesjøkanalen var på 1930-tallet, utført av slavearbeidarar og utskrivne. Og held fram med 1970-tallets store forstandsformørkning her heime, der revolusjonære (AKP-ml) og meir moderate sosialister brukte meir tid på å bekjempa kvarandre enn kapitalkreftene, mens dei la eigne privatliv i ruinar.

Historia til desse personane går vidare heilt inn i fjerde ledd og dette hundreåret, då Norheim ved hjelp av oldebarnet Hege både rekonstruerer kanalingeniørens sjølvutslettande liv og hennar eigen fars dødelege jakt på bestefarens historie på russisk jord. Og dét alt mens han syner koss nokre av syttitalets radikale forblåsarar i dag sit øvst på pengebingar og maktapparat.

Det er ikkje altså ikkje småtteriar Norheim på teknisk overlegent vis skriv saman i éin kontrapunktisk, oversiktleg romankonstruksjon, framført frå ein innforstått og lun tredjepersonposisjon, med hugskott og direkte tale til lesaren, alt mens han hevdar uttalte politiske og moralske standpunkt. Alt ihop er sett frå vår eiga hottelause samtid, ein stad «der den totale toleransen rår» - og nær-historiske kunnskapar og medvit er prekær mangelvare. Både i innhald, sjølve historia, og konstruksjonsmessig, ned til verbale detaljar, er Jørgen Norheim på litterær linje og lag med Kjartan Fløgstad. Og dermed nesten fullrost.

Meir om litteratur frå Jan Askelund: