Bok
Terje Torkildsen: Stavanger stories I. Novellekrans. 159 sider. Samlaget
Den fleire gonger priste og heidra ungdomsbokforfattaren Terje Torkildsen (1971, debut 2008) skriv gjerne i serieformat, der det eine bindet tar det neste, som i den særs vellukka Dystopia I-IV-serien for få år sidan.
Med «Stavanger Stories I» har han tatt fatt på ein forteljingskrans som med åra kan bli så lang som helst.
Dette førstebindet har eit fast sett av personar som skiftesvis går igjen frå novelle til novelle. Hovudpersonane er søskenflokken Broremann/Brori – tolv år og på veg inn i ungdomsskolen, søstera Betty – femten, i siste året på Kristianlyst, og eldstebror Duxen – siste året på vidaregåande. Til saman dekker dei alle tenåra. Dei bur velberga, trygt og godt i ein velmøblert heim, hos kardiologfar og psykologmor.
Desse personane går så ut og inn av dei fjorten forteljingane som forsøksvis er samla i ein temakrans som syner kor spinkelt og sårbart livet er, og at døden haustar året rundt, også når unge menneske ennå ikkje har rukke å forventa det. Det gjeld særleg i opningsnovella, der ei bestemor døyr, og han hentar ein annan, gammal, besteforelder i den siste.
Med dei gjennomgåande personane og opnings- og avsluttingsmotivet omfemnar desse novellene tematisk heile boka og gjer henne med sine frittståande enkeltstykke til eit slags romankonstruksjon. Her er mykje alvor i «Stavanger Stories I», og endå meir av ungdomslivets altoppslukande interesser, som sex og drikk, vennskap og kjærastar, mobbing, transport og aggresjonsutbrot mot foreldre.
Vi er heile tida på heimebane (i Mariero og Verksgata, på Eiganes, Nymannsveien og Jåttå, Hundvåg og Kristianslyst), og her blir snakka dialekt (med a-infinitivar, slang og «drolt»). Det er truverdig og gjenkjenneleg. Ei rekke av dei fjorten stykka er rett nok lettvektarar med (artige?) godtkjøpspoeng, andre retteleg flotte, mens det glitrar og skin i det stykket som stikk seg ut mellom dei alle, og der det faste persongalleriet ikkje er viktigast: Det heiter «Kor er du, Charlie?» og utspeler seg midt i Verksgata.