Det er ikkje greitt å vera femten, snart seksten år og utilpass hovudperson i Kristi Furubotns (1958, debut 2001) ungdomsroman «Maria mi». Ho er forelska i den mykje eldre, kickboksande Johannes. Ho er elles så på alle vis uerfarent naiv at det lett kan forvekslast med dumskap, der ho yrt forelska og svimmel roterer gjennom dagane sine, også utan fornemming av at besteveninna er like trulaus som posøren og svikaren Johannes.
Ho er nok meir forelska i forelskinga enn i Johannes der ho virrar utan festepunkt, verken i seg sjølv eller nærmiljøet. I spegelen kan ho sjølv sjå at ho ikkje er så fin som ho burde og gjerne ville vera: «Dessutan var haka litt for spiss, sett frå høgre.» Dessutan slitst ho med matvegring, særleg for moras matstell. Og ho slitst med ei parodisk mor, karakterisert med sine heftige rr-lydar i talen, ein helsekost og grønt-matfreak hekta på naturmedisinar, dragande på ein misjonærbakgrunn som nå har ført henne inn i engleterapien. Om ikkje dette var gale nok, driv ho og les på Knausgård, kva nå det skal signalisera.
Faren er «snill». Han er revisor, og karakteriserast med sitt egenes-sprog («gollet»). Dessverre driv han med uryddig ekteskapeleg bokføring og dame på si’, syner det seg. Mora har ei åndeleg veninne som driv med gruppeterapi. Dit blir Maria sendt. Det er hysterisk. Det er til saman så mykje av det vonde at den samla effekten blir pakkande monoman og litterært overlessa. Noko mindre klisjepreg kunne gjera det.
Men viss ein held ut med det repetitive, ujamnt fortalte over eit lite register, tar «Maria mi» seg godt opp i den siste tredelen, der konfliktane toppar seg i haglande dialogar samstundes som forfattaren opnar for ei vidare forståing av den lidande, den anorektiske, Maria med så mange sjukehusopphald bak seg før forelskingshistoria opnar boka.
Så går det retteleg bra nesten til måls. Men slutten er kliss sentimental. Alt i alt: Mykje av teksten er klaustrofobisk innpakka i seg sjølv; men det losnar etter kvart.