Arild Rein (1960, debut 1998) er kjend og æra, heidra og mislikt for den såkalla Stavangertrilogien, ein serie dystopiske romanar frå den delen av stavangersk kvardag og røynd som aldri vil bli halden fram i nokon offisiell presentasjon av forfattaren sin heimby.
Med den førre romanen sin, «St. Olav-komplekset» frå 2014, la han frå denne dyre sentrumslokaliteten ut på nye ferder i nærmiljøet, frå politikammeret på Lagårdsvegen til kyrkjegard og gatene på Eiganes, frå slumsete sentrumshotell til kolonihagen i Strømvik. Det blei heller ikkje ein by å vera glad i.
I årets «Felttestamente» har Rein forlate sitt stavangerrevir. Handlinga kunne utspilt seg kor som helst, her er ein sjukeheim, og eg-forteljaren kunne for realismen i historia sin del vore kva sjukeheimstyrar som helst – viss vi då ser bort frå at sjukeheimstyrarar ikkje plar drepa bebuarane sine. (Meir om det til slutt.)
Det gjer eg-forteljaren i «Felttestamente». Då nedskrivinga av «Felttestamente» begynner, er han for lengst dømd for dei fleire titals avrettingane han har uført med «miskunnmedisinen min»: Suksameton er andedrettslammande, men drep ikkje før offeret har lidd seg gjennom minutt av medviten kveling og dødskamp. Og han fortel frå kvardagane sine og livet sitt før han systematisk drep den eine pasienten etter den andre, til han «sonar» i fengslet, og til han har uttent tida.
Det vil seia: For brotsmannen gir ikkje straffa meining, for han erkjenner ikkje at han har forbrote seg, og fordi han ikkje fornemmar at han har skuld, har han heller ikkje noko å sona. I eigne auge er sjukeheimstyraren og drapsmannen frå første ferd til denne dag ein heiderskar og livslangt mobbeoffer som starta livsløpet med handikapp. Når han drep pasientane han er tiltrudd, er det for å letta pina deira mens han kortar stunda fram til den døden som snart vil ta dei.
Sjølv tar han ikkje tungt på døden: «Å døy er som å gå ut av ein bruktbil og inn i ein annan». Så når han sjølv påtar seg å arrangera transporten for andre, er det både praktisk – ei ny ledig seng, økonomisk og menneskevennleg. Og tilfredsstillande: «å myrda er ei stor glede». Då kjenner han seg som «herre og meister over liv og død», «ein dødskunstnar av guds nåde», «ein god og hjertemild mann».
Denne milde mannen med eit ustyrleg sinne har eit stort uttrykksbehov og ei boblande uttrykksevne. Han kan snakka med om både «aktiv dødshjelp» og «mordets eufori». Men når han så legg ut om livssoga si og ugjerningane sine, blir han manisk og spreier det eine praktfulle bildet og nyskapande metaforen etter den andre utover sidene, tidvis håplaus i ordvalet. Slikt blir det frydefull lesnad av, og samstundes ein heimegjort sjukejournal over ein mann med det «djupaste mål å avskaffa røynda» – den røynda han har forlate, med «reint rulleblad sjølv om eg sit inne for haugevis med drap».
Fordi Rein har skapt seg ein slik forkomen og kraftfull, feminin og handlekraftig, praktisk og svermerisk, ordhag og ravande karakter som denne eg-forteljaren er, fungerer hans eigne overdådige bildeskapande ferdigheiter som aldri før, frydefullt pepra over heile boka.
Forteljarens «miskunnmedisin» heiter Suksameton. Den er meir kjend som Curacit – så då minnest vi din røynlege anestesisjukepleiaren og sjukeheimstyraren Arnfinn Nesset, som for over tretti år sidan blei dømt til den lengste straffa lova tillot for drap av titals pasientar i hans varetekt. Eg-forteljaren til Rein har såleis sine røynlege korrelat, men fordi Arild Rein er den kunstsskrivaren han er, overgår romanproduktet hans langt dei presserapportane vi fekk frå den røynlege røynda, den gongen.