I eit etterord fortel Ingeborg Askeland (1940) at ho byggjer på historiske og geografiske fakta, men sidan kjeldene «seier lite om korleis livet blei opplevd av vanlege kvinner i Nordhordland og Bergen på 1300-talet», har ho sett «ord på det soga teier om.» Perspektivet er feministisk. Vi møter sterke kvinner som trassar maskulin makt og driv handlinga framover.
Utgangspunktet er Bjørgvin i 1290. Då blir den 7-årige prinsesse Margrete sendt til Skottland for å gifta seg. Om ho døydde undervegs eller hamna på kloster i Lübeck, før ho kom tilbake til heimbyen og blei brent som heks i 1301, er eit ope spørsmål. Kvinnene som trur på St. Margrete, dannar eit laug og utfører gode gjerningar i det mannsdominerte samfunnet.
I det forbodne kvinnekollektivet står Inga sentralt. Ho er ei kunstnarsjel som veks opp på ein kongsgard , og som først seint får vita sanninga om slekta si. Ho må kjempa for kjærleiken og maktar å leva ut treskjerarkallet sitt trass i dårlege odds.
Siste scene utspeler seg i 1365. Då har både ho og lesaren lært leksa si. Også i mellomalderen var livet prega av klasse og kjønn, religion, slit, svolt, sjukdom og vald. Konfliktane er mange og kjenslene så høgstemte at den triviallitterære klangen ofte blir plagsamt tydeleg.
Ved bruk av historisk presens, eit stort persongalleri, broten kronologi og allvitande, tredje personssynsvinkel skapar forfattaren ein roman som ofte verkar overlessa og overtydeleg. Ho ville ha tent på leggja seg tettare på arven frå dei islandske ættesogene der perspektivet er autoralt og strengt refererande, blotta for den typen tankereferat og emosjonelle utsegner som «Margretesirkelen» er så full av. I staden for å avdekkja personane sine kjensler og refleksjonar gjennom sceniske opptrinn, får vi her vita at «Det brenn i henne», medan «Ho smeltar saman med han i eit bål av lyst, ei glede som brenn høgare og høgare».
Så sjølv om engasjementet er stort og sakkunnskapen held mål – nokon språkleg triumf er boka ikkje.