Fosseriff på wergelandsk harpeklang

9788252190205.ashx.jpg

Med god gamaldags protestantisk pliktkjensle har den katolske konvertitten Jon Fosse sett seg ned og samvitsfullt lese seg igjennom store delar av Henrik Wergelands enorme livsverk for å æra den sjølvsagde husguden i den bustaden han sjølv blei heidra med for fem år sidan, Grotten. Resultatet er ei diktsamling med meir eller mindre klåre riff på forgjengarens harpeklang. Også den førre æresresidenten, Arne Nordheim, tonesette Wergeland som ein tributt til byggherren, vår første verkeleg store og framleis største poet. Men Nordheim opererte i eit anna medium, medan for ein seinare diktarkollega kan dialogen fort verta ein debatt, for ikkje å seia eit ødipalt drama.

Kva har Fosse og Wergeland sams? Dei er begge romantikarar, men der ender vel likskapen. For sjølv som religiøs visjonær har Wergeland eit rasjonalistisk og praktisk-optimistisk tyngdepunkt. Og reint teknisk og stilistisk må dei reknast som rake motsetnader. Fosse er også her mystikar, ordknapp som ein kvekar, medan Wergeland er myldrande shakespearsk, grotesk og burlesk, barokk i sine viltveksande biletsyner.

Kan det så koma noko produktivt ut av ein minimalist som møter ein maksimalist? I denne samanhangen ja. Rett nok kan ein pirka borti biletlogikken hjå Fosse, men ein mystikar vil ikkje vera særleg interessert i å forklara seg. Eller ein kan i dag skulda han for ukritisk å importera det som etter kvart blei romantiske klisjear, men allereie medan Henrik nytta dei patos— og verknadsfullt på sottesenga, dyrka systera Camilla ein tysk Heinrich (Heine) som ambivalent gjorde narr av heile staffasjen. Kanskje klokeleg har Fosse stort sett valt dei bileta og motiva som glid mest friksjonsfritt inn i det som allereie har blitt eit standardinventar i hans eigen lyrikk –engel, stjerne, auge, tåre – sjølv om han nok kunne ha unt seg sjølv meir motstand i medvind. Kor som er, ein les ikkje Fosse på jakt etter logisk stringens, men på grunn av tonen, og den er her i rikeleg monn, i den grad at fosseske gitarar stråler i rømda. Husguden har til og med inspirert han til eitt og anna enderim.