2015 kan bli hugsa som året med dei lange romanene. Fjorårets av Edvard Hoem (1949, debut 1969) heiter «Bror din på prærien», og er eit framhald av «Slåttekår i himmelen» på 351 sider frå året før, men dryge hundre sider lengre.
Der det første bindet tok fatt i 1874 i det agrare Norge i utkantane av småbyen Molde og bruker storparten av plassen til å fortelja slåttekar Knut Hansen Nesjes livshistorie fram til han er i ferd med eldast, begynner «Bror din på prærien» i 1893 då den bare seksten og eit halvt-årige sonen hans, Eilert Knudtsen, drar til Amerika, utan å tenkja seg at han kjem til å gjera vendereis. Då opplever faren at han mistar den siste av soneflokken sin, og bruker mykje av den tida han har igjen til å lengta og vona at sonen ein dag skal stå på trøskålen hans, fram til han på side 457 døyr i sitt kammer i 1912. I mellomtida følgjer lesaren gjennom to tiår Eilert sine forflytningar over havet, vidare gjennom USA til Dakota, til han endar opp som sjølveigar med sine 160 acres i kanadiske Alberta, ein bamse av ein mann, som til slutt har slått seg ned med både eigen jord, eiga kona, eigne barn, han som ein gong var eit ungmenne med skrekk for å binda seg til nokon eller noko som helst.
Sjølvrådig og sterkttruande samfunns— og kyrkjestøtte har han også blitt. Hoem har gjort det til tiltalande lesnad både frå pionertida i Amerika og tidene for store hamskifte med vedvarande klasseskilje i Norge. På eine sida er det lettlese til det motstandslause, på den andre er forteljinga fleire stader tyngd av detalj på detalj med sak- og faktastoff; «alt» skal med frå Eilert Knudtsens praktiske og kjenslemessige liv. Hoem nyttar dessutan ein allvitande og kommenterande forteljar som liker å koma med frampeik og preikar.
Som i første bindet går ikkje alltid skiftingane like elegant frå det eine kontinentet til det andre, men «Bror din på prærien» dannar saman med «Slåttekar i himmelen» eit samansett portrett av ei tids norske sosialhistorie, sett frå éin familiesynsstad.