Poetiske og politiske kraftliner

9788202491475.jpg

I "La oss ta den blå himmelen med storm" fylgjer Odveig Klyve (deb. 1993) trenden med ei gjennomkomponert diktsamling konsentrert om eitt samlande tema, som denne gongen er utbyggjinga av dei såkalla monstermastene i Hardanger. Tittelen (og for så vidt det litterære grepet med montasjeaktige samanstillingar av så ulike diskursar som poesi og protokollprosa og politikarsvada) kan gjeva assosiasjonar til dei aksjonistiske 1970-åra, men er i røynda eit sitat frå den no stort sett gløymde Rabindranath Tagore, som var ein indisk kultpoet i Vesten for 100 år sidan.

Aksjonisme er likevel eit stikkord, for her set Klyve i scene den folkelege mobiliseringa mot dei statlege utbyggjingsplanane, og ho skriv skiftevis ut frå perspektiva til motpartane i saka, bonden og ministeren. Dette slår meg i utgangspunktet som eit lovande grep, men spørsmålet estetisk sett er kor mykje som kjem ut or det, og kor mykje desse to hovudstemmene er tekne på alvor og såleis får litterært liv og truverde. Sjølv om dette er engasjert politisk dikting og det er tydeleg kvar Klyve sjølv står i denne saka, vert ikkje ministeren demonisert eller låtteleggjort. Han framstår som eit menneske som dei fleste av oss, ærekjær, ambisiøs, utrygg, motsetnadsfull. Han har eit oppheng i den greske tenkjaren Thales – utan tvil ein skade frå førebuande eller ex. phil. (kanskje han strauk i akkurat det emnet?). Alt flyt – også og ikkje minst i politikken. Likevel vert den ironiske avstanden mellom ministerens tankar og handlingar etter kvart påfallande, medan bonden ikkje har noko politisk å prova.

Noko som også minner om 1960-70-talet er den visuelle formgjevinga som skal illustrera dei poetiske emna. Tekstar er grafisk forma som vassdropar, tre, fossar, fugleflog, oljeplattformar. Ofte kan det framstå som ei erstatning for ei meir indre poetisk form.

I dei finasta partia her er det naturpoeten Klyve som talar, med enkle, men vektige ord. Men i andre delar og i heilskapen er eg meir uviss på om dei politiske og dei poetiske kraftlinene er i likevekt.