"Det er umogeleg å avgjera om denne tjukke og innhaldsrike boka / er tung eller lett". Dette skriv ein røynd lyrikar, sjølve nestoren blant rogalandspoetar. Ja, eg veit det finst andre som debuterte tidlegare, men Helge Torvund (f. 1951, deb. 1977) er den som har halde seg trufast til sjangeren som til eit kall i snart 40 år. Og ja, det er uråd å fella ein avgjerande dom om hans siste samling, så eksperimenterande og rik og vidtfemnande er ho, og det er definitivt ein styrke. Det klassiske ordet cornucopia, eit overflodshorn, melder seg raskt. Har du problem med denne boka, så må det truleg vera det ein kallar eit luksusproblem. Torvund har kome til eit punkt der han tek alle sjansar: Han gjev alt, heile seg, i skrift.
"Ei boksamling med myrmyter lagra i tusen karbonår og nyskrivne torvunderlege / kortdikt i timeglaset si sandtid", heiter det vidare i same sekvensen, som rett nok ikkje fyrst og fremst handlar om akkurat denne boka, men om det "biblioteket" av biologisk, geologisk og arkeologisk informasjon som er lagra i ei torvmyr på Jæren. Likevel er parallellen klår, sjølv om det no som i dei siste par samlingane hans meir er tale om langdikt enn kortdikt. Også det er frigjerande, og her speglar dessutan den lange diktforma det store formatet på heilskapen.
Dette er ikkje berre eit spørsmål om sidetal, sjølv om boka er fire gonger så lang som ei gjengs norsk diktsamling – ikkje berre eit spørsmål om kvantitet, men også om kvalitet. For boka er ikkje berre lang, ho er også brei – i tema og tanke, stil og stemning, kjensle— og uttrykksregister.
"Hypnotiske nyperoser og lukta av nedbrent hus": Det kan stå som ein poetisk formel for Torvunds arbeidsmåte og estetikk i desse tekstane. Alt skal med, dei næraste sansingar og dei fjernaste assosiasjonar, det vakre og det stygge side om side, gjerne på same verseline. Livsrøynsle, livstrugande sjukdom, aldring – det er som om nærleiken til døden har gjeve ein større nærleik til livet. Frå å ha vore alvorleg sjuk, har han blitt "alvorleg frisk", fri til skapande galskap. Etter eiga utsegn har Torvund i dei seinare åra nytta meir aktivt hypnoseteknikkar på seg sjølv under arbeidet med diktskriving. Eg ser ein litterær vinst av dette i hans seinare, meir ekspansive stil. Torvund har alltid hatt ein særeigen styrke i biletfantasien, naturtalentet for metaforiske metamorfosar, men i seinare tid er det som om dette er intensivert – ja nettopp til hallusinatoriske høgder. Nyperosene kan verkeleg verta hypnotiske og dikta torvunderlege i denne prosessen.
Når det gjeld ei så raus og livgjevande samling, ville det vore småleg å krangla om einskildtekstar. Alt vil ikkje framstå som like viktig og vektig for alle. Og diktaren sjølv hevdar aldri at resultatet ikkje kan vera ujamt, om eg skjønar han rett. Her kan alle finna noko for seg. Noko av det beste for meg finn eg i bolken der alle dikta byrjar "Alle ventar på ...", fylgde av eit førenamn. Det er helsingar og hyllingar til medmenneske og medkunstnarar, i fortid og notid. Her er dei brå omskifta og hypnotiske kasta verkeleg eit driv og ei kraft.