Var striden om Muhammed-karikaturane for ti år sidan eit vendepunkt, der frykt for islamistisk terror tok over for eit prinsippfast forsvar for ytringsfridommen?
Spørsmålet gjennomsyrar redaktør Vebjørn K. Selbekks bok "Fryktens makt", som kjem ut ti år etter at han sjølv stod sentralt i karikaturstriden. Publiseringa av danske Jyllands-Postens teikningar i den kristne avisa Magazinet vart ei sterk belastning for Selbekk personleg, blant anna med drapstruslar.
Betre vart det ikkje av at norske styresmakter la stein til børa. Jonas Gahr Støre var då sjef for eit utanriksdepartement som instruerte norske utanriksstasjonar i den muslimske verda om å "beklaga" at trykkinga hadde skapt uro i muslimske miljø, og å visa stor forståing for at teikningane hadde blitt opplevd som støytande.
Dette svake forsvaret for ytringsfridommen er ikkje det stoltaste kapitlet i norsk utanrikspolitisk historie, og Selbekk er stadig bitter, både på Støre og Kjell Magne Bondevik, som han kritiserer for å ha gått bort frå det sterke forsvaret for ytringsfridommen som han viste i striden om Salman Rushdies bok "Sataniske vers" på 1990-talet.
Selbekk er høfleg nok til ikkje å kritisera norske redaktørar. Men fleire av oss – inkludert underskrivne, som på den tid var sjefredaktør i Aftenbladet – har nok i ettertid tenkt at me burde vore tydelegare i forsvaret av Selbekk. Når det ikkje skjedde, skuldast det dels overrasking og forvirring – både Aftenbladet og Bergens Tidende hadde publisert teikningane fleire månader tidlegare utan reaksjonar – dels at situasjonen var ute av kontroll og liv stod i fare, dels eit ønske om ikkje å jaga moderate muslimar over til dei ekstreme, og dels ei oppfatning hos mange at karikaturane, i motsetning til Rushdies bok, var ein nokså tåpeleg provokasjon.
Selbekks erfaring, og utviklinga etterpå, har hjelpt oss til å tenkja meir prinsipielt.
Prinsipielle handlingarPrinsipielle haldningar er ikkje mangelvare hos Selbekk, og når han skifter meining, tek han konsekvensen av det heilt ut. Han beklagar i dag at han i 2004 skreiv ein leiar til forsvar for blasfemiparagrafen, og han er nå tilhengar av vide rammer for ytringsfridommen, inkludert Holocaust-fornekting.
Men med dette spranget hoppar Selbekk litt for lett over gråsonar og dilemma som me må leva med kvar dag i eit fleirkulturelt og globalisert samfunn. Dersom mennesket er ukrenkeleg, men religionar kan krenkast, korleis opptrer me då overfor menneske som har religion som ein heilt sentral del av sin identitet? Det kunne Selbekk, som eit religiøst menneske, i større grad reflektert over. I den digitale tidsalderen er det også eit dilemma at ytringar me før kunne diskutera med eit lokalt publikum, nå blir spreidde ved eit tastetrykk og fortolka og mistolka i heilt andre kontekstar. Kva gjer me når kulturen ikkje held følgje med kommunikasjonsteknologien? Er det nokon veg utanom den utskjelte dialogen?
Utfordringane som karikaturstriden reiste, er ikkje blitt mindre. Dessverre. Vebjørn K. Selbekk er ei viktig stemme som bør ha meir å seia.