På raggedeiseni metropolen

9788202446383.jpg

Sunnhordlendingen Geir Olav Jørgensen (1971, debut 2006) kjenner ein igjen når ein får ei ny bok av han. Han er ein av forteljarane i bokheimen, av dei som både fortel fordi personane hans har mangt og mykje å fortelja og fordi dei sjølve – mens dei fortel – strever med å forstå kva dei balar på med i livet.

Forfattaren er sjølv ein mykje bereist mann, som, når han tar personane sine med rundtforbi på kartet, ikkje gjer det utan å sveipa innom det bygdevestlandske utgangspunktet sitt, sjølv om det kanskje ikkje lenger er ein blivande stad. Det gjer han også i ein minnesekvens i årets roman, der hovudpersonen sjølv i rusa stand tutlar omkring i Berlin, som ein slags upåmeldt deltakar i eit uoffisielt «Marathon Berlin».

«Marathon Berlin» er den femte boka til Jørgensen, velkomponert pakka med dei ingrediensane vi kjenner han på: ein mannleg hovudperson sånn på hans eigen alder, ein musisk vandrar og bohem, ein både kjenslevâr og realitetsorientert drøymar og forsøksvis kosmopolitt, ein mann med mykje kvinne— og familieelsk i seg, uløyseleg knytt til oppvekststaden sin, ein jordnær estet, og ikkje å forgløyma: ein mann som sjeldan er langt vekke frå ymse rusmiddel.

I den femdelte, nesten dialogfrie romanen «Marathon Berlin», med vekslande synsvinklar frå første til tredje person og tilbake igjen, har bygdenorske Erik tatt med seg den jødiske kona si, Tamara, og dei to ungane på åtte og eitt og eit halvt og flytta til Berlin for å studera kunsthistorie. Det går ikkje så glatt for denne eigesjuke egoisten som strever med sjølvbildet sitt, ganske spesielt fordi han er besett sjalu på Tamara der ho går og steller for dei alle; til ho rimelegvis får nok.

Så finn då hovudpersonen ettersom dagane surrar og sviv ut at di lenger ein lever, di fleire feil får ein utretta, og elles at jorda er rund og utan exit. Geir Olav Jørgensen gjer det til medrivande lesning. Som den individualisten han er, bryr han seg heller ikkje overvettes om skolegrammatikk og rettskrivingsreglar.