Debutboka til Kjersti Rorgemoen (f. 1982 i Vinje), «Purkene snudde seg» (2009), ber undertittelen «Notat» og består av 24 korte prosatekstar, alle med ei overskrift og ført i pennen av ei kvinnelege eg-person. Tekstane dreier seg om all verdas raritetar i kvardagen til forteljaren og er såpass sære i stoffvalet og lattermilde i tonen at mange kritikarar lèt seg sjarmera.
I år kom ei beslekta bok – «Håpet og festen». Det skeive blikket og dei flirande refleksjonane, observasjonane, kommentarane til ein gløgg, kvinneleg eg-forteljar er framleis på plass. Sjølv om eit tradisjonelt, samlande plott uteblir, blir dei 18 lett sprikande tekstane, alle utstyrt med ein tittel, denne gongen lansert som «roman». Den meir smålåtne sjangerlappen «Notat», «Tekstar» eller «Forteljingar» ville ha passa like godt.
Den akademisk skolerte, 35-årige eg-personen har budd seksten år i eit hybelhus for studentar. Staden er Bergen, gata der huset ligg, skal vera landets eldste. Hovudkarakteren kan visa til «ei ubrukeleg utdanning frå humaniora» og jobbar som konfliktsky mellomleiar i makuleringstenesta hos Fretex. Der destruerer ho papir og held styr på medarbeidarar som gjennom NAV skal bevega seg frå skråplanet til samfunnet.
Rapporten om diverse møte med vener, slektningar, naboar og kollegaer verkar jamt over realistisk i utforminga og relativt mørk i tonen. Forteljaren har slutta å drøyma om ei meir meiningsfull framtid. Fellesskapen på jobben er avgrensa og flyktig. Einsemda og gråten trugar. Alkohol og rølpete festar representerer pustehola i livet hennes — utan at ho blir monaleg gladare eller meir optimistisk av den grunn.
For igjen lærer vi ei lekse vi har støytt på tidlegare. Livet er ein kamp mot trivialitetar og meiningsløyse. Sosial avstand er vanlegare enn nærleik, varme, kjærleik. Det er synd på menneska.
Imponerande er denne vesle boka ikkje. Men forfattaren har like fullt ei litterær stemme som fascinerer i sin slentrande omgang med høgt og lågt, humor og tristesse.