I denne andre vaksenromanen sin – ho er elles prislønna forfattar av ungdomsbøker – blandar Hilde K. Kvalvaag (1968, debut 2003) på vellukka vis mange emne— og temakretsar: I utgangspunktet handlar «Lev vel, alle» om ei norsk kvinnes jakt for å oppspora oldefaren sin, som på 1920-talet forlet kona og ein ungeskokk i gamlelandet, reiste til Amerika, blei verande, og der han i 1958 døydde i utkanstroka av det kanadiske Vancouver.
Kvifor han dro, kvifor han nesten aldri let høyra frå seg, kvifor han blei verande, koss livet hans arta seg, det veit ho ingenting om; det vil ho finna ut av. Men ho har også sine eigne, både heilt personlege og særs familiære grunnar elles for å dra med seg den uviljuge, seksten og eit halvt-årige sonen sin, Knut, denne sommaren:
Ho vil meir enn finna ein stamfar som forsvann inn i det framande og gløymsle:
Ho har, aleinemora, denne vaksne, aborterande kvinna, rota det til i eige liv, samstundes som det påtvinga samveret med sonen skal få han til å opna seg for henne og det som har gjort han til valdskar, ein forknytt og forbanna, avvisande gut både andsynes mora og alle andre. Dét blir det tredje, spenningsplanet i forteljinga: Skal vi i nåtid få vita kva som ligg fortagd og uløyst i sonen hennar, samstundes som dei saman finn ut av oldefar si historie for så lenge sidan – og som bonus få utløysing for eigne oppdemma lidenskapar?
Alt dette lar Hilde K. Kvalvaag på kyndig og medrivande vis spela seg ut på romanens handlingsplan, som tar lesaren frå bakgatene i våre dagars storby Vancouver til Vancouver Islands småstader, campingleirar, på svaberg og i lufta, skog og fjord, villmarksliv og mest fråflytta utkantstrok, med mykje dramatisk handling. Slik har «Lev vel, alle» blitt ein underhaldande underhaldningsroman, men sluttar etter alle strabasar og påkjenningar vel nusseleg.
Og mens vi elles for tida diskuterer kvinneleg og mannleg skrift: «Lev vel, alle» er ei bra villmarkshistorie frå eit tradisjonelt mannleg revir skriven av ei kvinne.