Heidi Hjorteland: Lyset i snøen. Noveller. 192 sider. LIV Forlag
Det er lett å slå fast det viktigaste. Suldalsbuen Heidi Hjorteland (f. 1969), no frilansar og busett på Strand etter å ha vore tilsett i Stavanger Aftenblad frå 1992 til 2014, er ikkje berre dugande journalist, ho er diktar med eit språk og eit stofftilfang som jamt over ber bumerket hennes på talande vis.
Diktartalentet viste ho allereie i den kritikarroste debutboka «Vranglås» (2005), ei frodig novellesamling med rot i det bygdesamfunnet ho openbert kjenner betre enn dei fleste. Kunstnarleg solid er også «Lyset i snøen», åtte nye noveller knytt til det same miljøet. Desse tekstane er mellom åtte og 41 sider lange, fem av dei har kvinneleg hovudkarakter og sju opererer med ein eg-forteljar. Ingen av dei bygdelagnadene vi her ser konturane av, speglar sjeleleg harmoni og rein lukke. Ekteskapskonfliktar, einsemd, uinnfridde draumar, ustyrlege drifter og vald dominerer. Det er liten tvil om at det er synd på menneska.
Men alt håp er ikkje ute. Som boktittelen varslar – i ei kald verd finst det framleis lys ein kan navigera etter, noko vakkert å gleda seg over. Bygdefolk har mykje å stri med utan at lengten etter eit betre liv difor blir borte for alltid.
Innleiingsnovella «Billett merket» er typisk i så måte. Eg-fortelljaren Torill er ei ulykkeleg gift butikkmedarbeidar godt oppi åra som medan ho drøymer om å få gitt ut ei bok, set inn ein kontaktannonse i avisa. Barna hennes er vaksne, i heimen ligg stilla «som giftig gass i romma», ektemannen Olav er den einaste ho nokon gong har hatt sex med. I mange år har ho vore forelska i apotekaren i bygda. Håpet er at han skal vera ein av dei som svarer på annonsen hennes. Det skjer sjølvsagt ikkje. Men slutten på soga er open og ikkje skjemma av den typen fortolkande, overtydelege kommentarar som utbasunerer at ho saknar «eit liv i djupne og sanning», eller forkynner at kjærleiken er «enkel når du ser han utfalda seg, det enklaste og vakraste som finst er han, likevel så inderleg uoppnåeleg for mange.»
Uharmoniske samliv, dagdraumar og lengten etter ekte kjærleik i eit bygdesamfunn splitta mellom Bibel og alkohol, bedehuset og danselokalet, avteiknar seg i dei fleste novellene, enten hovudaktørane no er ulykkelege kvinner eller Tore, ein snill, tafatt, forelska mann i 30-åra. Psykologisk truverdig er knapt utviklinga han gjennomgår - frå å vera ein barnsleg naiv, «kristen tusseladd» til å bli fullblods diktar gjennom den poetisk klingande sluttutsegna: «Ho har filt eit søkk i sjela mi, der Gud skulle vore».
Elles er journalisten ein gjennomgangsfigur i boka. I «Spegelen» møter vi ein kvinneleg frilansjournalist som slutta som fast tilsett avisjournalist etter tjue år, og som no utformar vekebladsreportasjar basert på k-trylleorda «Kjærleik, kos, kyssing, krise og kreft», medan «Prisen» og «Dagen med stor D» let oss møta to mannlege journalistar. Den første av desse historiene tar for seg kollegial misunning og ein latent forfattardraum, sistnemnde soge er ei mordforteljing og bokas minst vellukka tekst, overlessa, omstendeleg og hektisk belærande, med ei eg-stemme det er vanskeleg å tru på.
Best likar eg nokre av dei strammare, mindre utbroderte novellene – «Kva er det med Agnete?», «Kjærleiken er som ein kulp» og «Den ubedne gjesten». Dei held igjen og stikk ikkje peikefingaren inn i auget på lesaren, dei opererer med varsel og undertekst, dei baserer seg på ei indre spenning som først blir utløyst gjennom ei passe open, overrumplande, dramatisk sluttscene. I desse fortetta historiene blir ein minna på kor sterk sjalusien kan vera, vi innser at menneska ber fortida med seg, og at sterke emosjonar lever vidare i sinnet, vi møter Ingrid, ei ungjente som lærer noko viktig om eiga dømmesjuke, kristeleg fanatisme, spreiinga av anti-abort-roser, eksistensen av mannleg moralisme og kroppens krav midt i ei verd full av tabuaktige påbod og absolutte standpunkt, ikkje minst på kjønnslivet sin kamparena.
Alle sider ved «Lyset i snøen» er ikkje like overtydande. Tendensen til å prata historiene i stykker blir tidvis for sterk.
Men forfattaren verkar engasjert og skriv ofte med flyt og sterk snert i uttrykket, ho viser fram eit bygdemiljø ho synest å kjenna inn og ut, og det er lett å bli interessert i enkelte av dei livssogene ho avdekkjer. Slik sett fortener ho mange lesarar.
Samstundes finst det ein del skjemmande glipp og mistak som burde ha vore unngått. På side 24 blir t.d. Jørgen brått omtala som Karsten, i staden for å visa til alle «vonbrota» dukkar bastardordet «skuffingana» opp, og det heiter ikkje «i mot», «vel og merka» eller «Han hadde vorten lat», for berre å nemna nokre få av dei skrivefeila eg har notert.