ROMAN: Fakta og fiksjon frå Hoem

Edvard Hoem er ute med sin tredje roman basert på si eiga slektshistorie.

Edvard Hoem: Land ingen har sett. Roman. 413 sider. Oktober.

Sidan 2016 var året då «virkelighetslitteraturen» slo an som omgrep og sette tonen for mykje litterært falskspel, kan ein godt minna om at Edvard Hoem for sin del skreiv i denne blandingssjangeren lenge før han fekk namn, og dét utan å få anna enn skryt for resultatet («Mors og fars historie» 2006).

Hoem er også ein forfattar for dei lange seriekonstruksjonar, som Bjørnsonbiografien på 2700 sider over fire bind (2010–13), mens han dei to siste åra har gitt ut tjukke romanar om eiga slekt frå seint attenhundretal til mellomkrigstida, med utgangspunkt i oldefar sin, Knut Hansen Nesje («Slåttekar i himmelen» og «Bror din på prærien») før han i haust med «Land ingen har sett» held fram med den hoemske familiekrøniken sin.

Når han her skriv vidare om slekta, gjer han det med det doble formålet at «historiske fakta skal stemme, og alle detaljar vere riktige, så langt vi kan etterspore dei. Men til sjuande og sist er dette ein roman, der samtalar og situasjonar er oppdikta», som det det står i etterordet. Det tyder at familiesoga med brørne Anton Edvard, fiskar og småbrukar i Romsdal, Norge, og pioneren Eilert på Alberta-prærien i Canada - også med lange bolkar frå USA, skal vera rett både som faghistorie om folk, stader, samfunnsforhold og tider samstundes som alle skjønnlitterære teknikkar settest i arbeid for å framstilla karakterane sine tankar, kjensler og draumar, jamvel språket deira i slit på mark, i båt, og kyrkje.

Det er ei formidabel oppgåve - for forfattaren å skriva, og for lesaren å følgja med i. Ikkje bare skal det navigerast mellom eit drygt trettitals personar i kvardag, slit og sut, med dei to brørnes like umåtehaldne barneavl som uoppslitande strev og gudstru som sentrum. Samtidig skal det skildrast koss tidene endrest, teknologien både til lands og sjøs er i omskifting, alt mens første verdskrigen rullar i storsamfunna rundt dei. For ikkje å snakka om koss den internasjonale marknaden verkar i sine konjunkturbølgjer der etterspurnaden etter varene brørne lever av å levera, går frå umetteleg krigsetterspurnad til etterkrigsdepresjon.

Til saman blir det eit mektig epos, med bevegande emosjonelle høgdepunkter, men ikkje utan tørre transport- og oppramsande etappar, alt saman til glede for dei mange som alt er fanga inn i Hoems landskap og tider. Aller best er forfattaren i framstillinga av tagnaden ektefolk imellom, i patriarkalske agrarsamfunn der husbonden bestemmer kva som skal gjerast, koss midlane skal nyttast og elles med storsamfunnet i ryggen vil styra familiemedlemmenes liv. Her arbeider folk mykje meir enn dei pratar. Dei deltar i oppbygginga av samfunn, skole og kyrkje, men les dei, er det helst i den store boka.

Barn og koner er sjølvsagde slitarar i dei familebedriftene gardane er, men konene har ei udeleleg tilleggsbør: Eit blikk på personoversyna eg laga meg under lesinga, syner at kona til Anton Edvard i Romsdalen måtte bera fram åtte barn, kona til broren i Canada like mange. Her dør barn i fødselen, alle er ikkje like friske, eller får ikkje leva opp, og svangerskapa kan til slutt ta livet av ei mor, etter at ho lenge har bede om å få sleppa fleire.

Hoem tar opp eit enormt stoff i denne romanen, og kan innimellom bli vel detaljert i skildringar av arbeidsliv (som sidesvis med griseslakting), eller utgreiingar om trusformular og krangling i dei små menigheitene på prærien om kva nadverd er, koss han skal oppfattast, og kven som er verdig til å få han.

Ein del oppramsande transportetappar er heller ikkje å unngå når alle personane og skyldfolka gjennom fleire tiår og på mange stader skal gjerast greie for og setjast i høve til kvarandre. Nå er det rikeleg kompensert av det store bildet, med litterære høgdepunkt i skildring av lengt og sorg - og einsemd - mellom dei mange familiemedlemmene.

Dei som ikkje alt er det, blir nok med «Land ingen har sett» opptatte av hoemslektas romanhistorie. Dei tre bøkene om familien er til nå på over 1200 sider. Meir følgjer.