Roman: Barns bører i harde trettiår

Torvald Sund skriv godt om tenarskap og råskap, mener Jan Askelund.

Torvald Sund: Bøt nota, fang livet. Roman. 289 sider. Communicatio.

Torvald Sunds (1952, debut 1979) omfattande forfattarskap særkjennest ved sitt underklasseperspektiv og særlege omsorg for utstøytte og plaga, fattigfolket med dei dårlegaste føresetnadene i kampen for tilveret. Det kan omskapast til pinefullt bra litteratur, som i årets roman frå Fosen og fjorden på nittentrettitalet, mellom småbrukarar og fiskarar, teneste- og arbeidsfolk i træling for utkomet, der «Bøt nota, fang livet» er eit frittståande framhald av den fine «Seglet og dansen».

Hovudpersonen heiter Rasmus Yttersia. Han er 13-14 år då forteljinga tar til. Då far hans døydde og mora blei invalidisert av sorg, blei han bortsett som dreng på ein gard i nabolaget, pint og plaga. Den einaste han har å gå til utan å bli hundsa, er den mykje eldre Gudtorm i naustet, som godt vaksne mannen bur aleine saman med mor si. Frå første ferd skriv Sund varleg fram ei lummer stemning, som Rasmus sjølv treng all for lang tid til å fornemma.

Då er han alt forført, frålurt uskulden sin. I si angstfulle einsemd får han ikkje samla seg. Men det gjer forfattaren, som i romanens aller sterkaste del skriv fram ein tragedie i romanform. «Tragisk» er elles eit mykje misbrukt ord, men som tatt alvorleg tyder at ein person går til grunne som følgje av uløysande karakterkonfliktar i ufråkomeleg lagnadsbundne omstende.

I den svakare sistedelen av romanen, der søskena til Rasmus får meir plass og vi etter nokre år har flytta oss til Trondheim, ser det ut til at ein kjærleik han ikkje fekk smaka som barn og i tidlegpubertet, nå skal gjera han heil og frisk.

Det grensar til det sentimentale, og elles er her scener med bondefangeri som går i retning av folkekomedie, men tar likevel ikkje glansen av hovudinntrykket av «Bøt nota, fang livet» som ei medrivande forteljing frå fattig-Norge, landsens trettital og ei anna tid, utan radio og motor, komfort, nesten utan aviser, der dei største impulsane utanfrå kjem med predikanten og bodskapen hans om syndebør og straff. Som om dei ikkje hadde nok å bera.

Flere bokomtaler fra Jan Askelund: