Kriseorientert bygdemosaikk

I 1890-åras norske litteratur oppsto den såkalla heimstaddiktinga — romanar og forteljingar der forfattarar frå distrikta kartla regionale miljø som til då i bare liten grad var blitt kartlagde litterært. Dei nytta oftast eit realistisk formspråk og leverte skildringar av heimstaden som snart kunne fortona seg dystre i tonen, snart framsto som reinaste bygderomantikken.

hunnes.jpg

Denne typen lokalforankra forteljarkunst eksisterer framleis, då helst i form av mørke rapportar om rurale miljø prega av konfliktar på mange plan. Fleire av dei moderne norske heimstaddiktarane har openbert late seg inspirera av den såkalla «dirty realism» innafor amerikansk samtidsprosa. I eit stramt, nake språk, med røffe dialogar og den hemingwayske underteksten som sentralt stilideal, utleverer skittenrealistane ei uglamorøs verd full av bøller og uglamorøse kvardagsslitarar, sosiale taparar og moralske svikarar.Ein av dei norske forfattarane som mest konsekvent har dyrka denne forma for ordknapp, desillusjonert regionallitteratur, er Jonny Halberg, eit nyare namn er Joakim Hunnes frå Vartdal på Sunnmøre. Han debuterte med bygderomanen «Alle vet hvem du er» i 2011 og kjem no med «Bøen», eit knippe noveller med eit namnlaust, kriseramma, nordvestlandsk bygdesamfunn som ramme.

Det dreiar seg om ni realistiske historier med motivisk-tematisk samanheng, alle formidla i eg-form. Forteljarane er oftast menn, men også ei kvinne fører ordet. I og med at dei same personane forflyttar seg frå historie til historie, framstår boka meir som ein systematisk strukturert novelleroman enn som ei samling lausrivne enkelttekstar. Det er målmedvite, til tider elegant turnert.

Men særleg originale er forteljingane ikkje. Skilsmisser, einsemd, lengt, (sjølv)mord og slåsskampar, valdtekt, pubertal sex, vaksen utroskap, alkohol— og narkomisbruk - det meste av stoffet har ein støytt på før. Det hender elles at novellene blir for peikefingerstyrte - som i «Preludium» der «renneløkka» burde ha vore siste ordet i soga.