ROMAN: Arne Henning Årskaug (1985) er skriveglad og skrivefør, morosam også. Han har gått både på forfattarstudiet i Bø og skrivekunstakademiet i Bergen, og er ein vel budd debutant med sjangermedvit når han her har samla tretten prosastykke av ymse lengde under fellestittelen «Utstyrstekstar».Til innleiing definerer han sjølv ein utstyrstekst som ein kokett, påkosta og overdådig utstyrt og til tider karikert tekst, ein tekst som skapar seg, forloren ordstas, rekvisittekst. Og det høver godt. Dette avgrensa litterære formatet med smålåtne ambisjonar utover si eiga fortelje— og skriveglede, rommar både styrken og avgrensar potensialet til denne boka med litteraritetar og nokre grafiske krummelurar.
Opningsstykket, «Ein mønstervoven kjærleik», slår an tonen, om eit ungt par som får forstyrra innflyttingsgleda i den nye leiligheita si av ein gammal mann som brått står der på døra, han som har budd der i tiår før, og som nå stengjer seg inne på eit av romma. Det er skrive i ein smittande, forsira nynorsk som får ein til å ana at dette ikkje er forfattaren sin språklege daglegbunad.
Her er mange stykke å gle seg over, som «Bestemme farten», eller «Ei bye som går». Den siste handlar om koss kraftverksplanar for ei bortgøymd bygd gjer folk som til nå har levd greit saman, naboar og grunneigarar, ufjelge og (innbilt) sjuke. Men andre historier blir hengande i lufta, «velskrivne» som dei elles er. Grunnen til at enkelte forteljingar kjennest slik, oppgjer forfattaren sjølv ein dryg tredel ut i boka. «Tole mest» opnar slik:
«Denne snutten, denne snutten kan de kanskje bruke til noko. Det er ikkje all verda kjøt og næring i han, men det er no so, han går an å fortelje likevel.» Ja visst gjer han det. Men for å bli bildet, så blir det helst mager kost. Som det er nå, har ikkje forfattaren hatt tilstrekkeleg kondis til ei heil god bok – eit par av dei siste snuttane (som den langdryge og førutseielege «Rugar på noko») gjer ikkje ganske den heilt store skrive- og leseglade nytta.