Når det er i domkyrkja du sit klar til å høyra Juleoratoriet, vil kyrkjeklokkene kalla deg til sans og samling og presten ønska deg velkomen, før pauker og basunar smeller til. Og dei har du høyrt, paukene og basunane, om du ikkje har noko nærare forhold til Bachs Juleoratorium enn at du ein gong såg filmen basert på Göran Tunströms roman. "Jauchset, frolocket" — "Fryd deg og jubla."
Og snart, snart er sjølve juleevangeliet der, sunge fram av evangelisten, i år den svenske tenoren Anders J. Dahlin. Klangen er glasklar, alt er uanstrengt og lett for han, og tysken så tydeleg uttalt at sjølv dei som aldri hadde tysk på ungdomsskulen ein gong, forstod kvart ord.
I ryggen har han eit lite orkester, omtrent slik Bach ville tenkt seg det, stort sett musikarar frå symfoniorkesteret. Og bak der igjen, alle domkyrkjas kor, guttekoret, pikekoret (det heiter det), og domkoret, det heile dirigert av domkantor Oddgeir Kjellstad. Dei minste koristane er så små at vi bare ser luggen og nasetippen, det er heile kyrkjas korarbeidet som står der framme, med eit aldersspenn på eit par generasjonar. Det kling fint. Om det er ein av koralane dei breier ut, eller om dei priser Gud i det Høge i krevjande tonerekker.
Eigentleg er det 6 kantater, dette, ei kantate til kvar høgtidsdag i jule- og nyttårshelga. I år framfører dei fire av desse i eitt strekk i domkyrkja. Kanskje er det i meste laget?
Men det skjer med lette rytmar, gjennomsiktig orkester, med Rebecca Bottones lyse, skimrande sopran, med alten Anna-Sara Åberg som varm og var Maria, med Halvor F. Melien, bassen som med stor og sjølvsagt autoritet skjer gjennom og syng det som syngjast skal.
Nydeleg er vekslinga mellom solist og fløyte i arien som oppfordrar hyrdane til glade å koma seg i veg, fin blir også balansen mellom oboane og solistane når vi kjem over i den tredje kantaten. Før det, blir instrumenta for sterke og vi går glipp av nyansane, særleg hos dei to kvinnesolistane.
Eg skulle gjerne sagt at Juleoratoriet i Domkyrkja ikkje på noko vis stod tilbake for den glitrande versjonen av Handels Messias ein del av oss nettopp høyrde i konserthuset. Det var ein Messias som pusta av liv, død, sorg og håp. Bjarte Eike dirigerte livet sjølv inn i den kjende musikken. Heilt der opp nådde ikkje Juleoratoriet sundag kveld. Nyansane er ikkje så mange, alt er ikkje så lett bevegeleg, alle er ikkje så samkøyrde.
Så er det også feige lag. Akustikken er heilt annleis i Fartein Valen, koret består av bare vaksne stemmer, og Bjarte Eike har spesialisert seg inn i livet til denne musikken i årevis. Dessutan trur eg Handel var ein meir lettliva mann, i alle fall er Bach meir oppteken av frykta for og kampen mot Helvetes vonde ånd i tekstane han bruker.
Det rørande i domkyrkja, er å sjå det store spennet i koret, høyra det meir enn gode resultatet av grundig og intens jobbing gjennom mange år. Det står respekt av det, av jobben, og av nivået. Solistane er alle drivande gode, og måndag kveld kjem heilt sikkert orkesteret til å sleppa dei endå meir gjennom.
LES OGSÅ: