Selskapsleik på skråplanet

Kva gjer du når scenen heller 22,5 grader, og du skal spela sketsj? Det får du sjå i TV 2s nye laurdagskonsept "Alt er lov!".

— Selskapsleikar slik du aldri har sett dei før, lover programleiar Solveig Kloppen i TV 2s nye laurdagskonsept. Nja. Det har ho vel bare delvis dekning for. Selskapsleikene TV 2 byr oss, liknar til forveksling teatersportøvingar – og det har me jo sett ein del av før. Men teatersport kan jo vera veldig gøy, så kvifor ikkje?

I "Alt er lov!" skal seks deltakarar fordelt på to lag mima, teikna, forklara og gjetta seg fram til ord og uttrykk. I første episode er det eit fast ensemble av folk du neppe kan namnet på, men som du kanskje har sett i Barne TV. (I episode to viser det seg forvirrande nok at det faste ensemblet varierer.) Dei to kjendisane i første episode er skodespelarane Henriette Steenstrup og Mads Ousdal, i episode to Henrik Elvestad og Kathrine Moholt. Oslogryta-spessial, altså, som alltid i norsk TV-underhaldning.

"Alt er lov" startar med den kjedeligaste øvinga: kroppsspråk. Deltakarane skal stava bokstavar ved hjelp av kroppen. Det er mykje armar og bein, og ganske overspent. Det skal tydelegvis vera veldig, veldig mykje energi og styr, sånn at me heime i sofaen skjønar kor gøy dette er. Men det er deltakarane sjølv som ler mest.

Deretter konkurrerer laga i å mima bilete – og imponerer. Korleis ville du ha mima "månelanding", "kvitløk" eller "spindelvev"?

Så er det ny stigning i programmet, når talkshowverten intervjuar ein gjest som skal finna ut kven han er (episode 1), eller når oppfinnaren skal forklara oppfinningar han ikkje veit kva er (ep. 2).

Det er også ganske moro å sjå Mads Ousdal forklara ord mens han må dansa salsa, mens Henriette Steenstrup blir utsett for ein kampsportutøvar.

Pictionary-varianten er okei å sjå på, mens det blir meir moro når deltakarane skal gjetta på lydar. Korleis høyrest ein sjørøvar ut? Eller eit blinklys? Ein biff? Di vanskelegare det er for deltakarane, di løgnare er det å sjå på.

Høgdepunktet kjem til slutt, med scenen som er skrådd 22,5 grader. Me har jo sett både Atle Antonsen/Kristopher Schau og Ylvis spela sketsjar i skråstilte rom før. Men om det ikkje er så originalt, sluttar det aldri å vera gøy. I første episode er Mads Ousdal hovmeisteren som serverer. I andre episode skal to tjuvar robba ein sovande Henrik Elvestad. Eg får ikkje tak på kva konkurranseelementet i denne øvinga går ut på, men moro er det.

Min test på om eit "morsomt " konsept er bra, er ganske enkel: Lo eg? Ja, her lo eg nokre gonger.

Men aller morsommast er nok "Alt er lov!" for dei som er med.