Stille alvor i Domkirken

Domkantor Oddgeir Kjetilstad har valt eit pasjonsprogram som ikkje gir ved dørene. Og takk for det.

Det er kveld i Getsemane. Jesus er der med disiplane sine, Judas hentar vaktene. Der begynner Johannespasjonen, slik Arvo Pärt, den suverent mestseljande, nålevande komponisten innanfor det vi kan kalla klassisk tradisjon, har skrive det. Musikken hans har blitt kalla sentimental og klisjéfylt av nokre, den er høgt verdsett for sitt intenst rolege nærver av mange andre.

Rett fram

Johannespasjonen hans er stille, reinskore alvor. Bare det. Rett fram står Jesus og syng, utan fakter, utan overjordiske broderingar eller utfall, utan store kjensler. Konsentrert dreier partia hans rundt få tonar bare orgelet får akkompagnera. Jesus syng slik bare den som forstår korleis dette må gå, kan syngja. Mens Pontius Pilatus' tenor finn eit lysare alvor, han ser dette ovanfrå, det er ikkje hans kamp. Men det er han som har makt til å avslutta kampen. Heller ikkje Pilatus tar steget ut av alvoret.

For Pärt er djupt religiøs.Tonespråket hans, der stemmene lever side om side i kvar si klangverd, er hans måte å nærma seg det han meiner er musikkens andelege kraft. Det er ikkje rom for dei utovervende kjenslene i pasjonen hans. Samvitsfullt følgjer han teksten frå Johannesevangeliet, han tar ingen grep for å stramma til dramaturgien eller byggja opp spenninga. Står det i teksten at "Jesus svarte", ja, så syng evangelistane — dei som har forteljarrolla - at Jesus svarte. Før han svarer.

Overbevisande

Slik gir ikkje Stavanger Domkyrkje og domkantor Oddgeir Kjetilstad ved dørene, ved inngangen til ei stille veke, og nesten før ein storslagen Spellemann har forlate byen. Å høyra Stavanger Domkantori, evangelistkvartetten og musikarane i går kveld, gir truverd og tillit. For når Arvo Pärt har skore inn til beinet, i eit tonespråk krevjande å syngja, høyrer vi alt. Celloen som legg seg som ein skugge under bassisten, oboen som aleine følgjer opp sopranen, det mørke bakteppet fagott og cello utgjer når Jesus blir ført fram for Kaifas. Dei tette klangane når koret ropar på Barabbas. Høgdene det same koret når i det dei ropar "korsfest, korsfest". Dei mørkt fallande tonane i Jesus sine siste ord: "Det er fullbrakt". Dei gjorde inntrykk.

Det er lite av vakre klangar ein kan gli bort på i dette verket, anten ein sit i salen, står i koret, eller skal framstilla Jesus sjølv. For den som vil byggja opp eit profesjonelt korensemble, slik Domkyrkja nå prøver på, er det eit modig, rakrygga val. Og for den som sat i salen i går, kjentes det valet overbevisande. I beint, reinskore alvor.