Mektig orkesterklang

Stavanger konserthus sett fra utsiden.

I Carl Nielsens fjerde symfoni med tilnamnet "Det uutslukkelige", fekk dei på eksemplarisk vis fram kontrastane, men også linjer og indre samanheng i denne innfallsrike og ganske fragmenterte musikken. Her er lange treblåsarparti der dei fekk vist kammermusikalske kvalitetar og eit delikat og flott samspel. I andre parti var det den tette og homogene strykarklangen som imponerte.

Og alt med ein utsøkt presisjon og ein sikker sans for balanse og frasering. Det verka som om orkesteret fann seg godt til rette i den flotte akustikken. Saraste på dirigentpulten fekk fram både det heftige og det sarte, og symfonien vart ein demonstrasjon i orkestral prakt, frå det svakaste svake til det brautande og pågåande.

Første avdeling var via Rakhmaninovs tredje klaverkonsert, av mange rekna som sjølve juvelen i sjangeren. Denne konserten har verkeleg heile spennet frå det enklaste enkle til dei mest ekstatiske lydkaskader. Konserten er noko av det mest teknisk krevjande ein pianist kan gje seg i kast med, og pianisten må også ha kraft nok til å bere gjennom kompakt orkesterklang.

Denis Matsujev hadde både den teknikken og den krafta som skulle til! Sjølv dei mest fingerknekkjande passasjane trilla ubesværa av garde, og han hadde ein styrke i anslaget som det er sjeldan å oppleve. Dessutan hadde han noko å formidle! Dette vart noko langt meir enn berre teknikk og bravur. Han demonstrerte ein utsøkt fleksibilitet i tempo og eit fantastisk dynamisk spenn. I kadensen gjorde han musikken heilt til sin eigen, og det var som om det var improvisert, fritt, og gjennom musikalsk.

Orkesteret og Saraste var heile tida med både på temposvingingar og dynamiske valørar og gjorde sitt til at det vart ei heilstøypt og imponerande tolking.

Publikum sette tydeleg pris på både pianisten og orkesteret, begge fekk langvarig trampeklapp, og begge kvitterte med ekstranummer.