Gripande Messias

Bjarte Eike, fremst i bildet, leia ei levande tolkning av Händels Messias i konserthuset onsdag kveld.

Ho syng dempa nå, den vakre, varme altstemma. Som koret nettopp gjorde det. Og orkesteret. Då rytmen punkterte, halta, lik pusten til den som gret stille. Det er hån, sorg og smerte. For vi er ved andre delen i Händels store "Messias". Dei ser ein Jesus forakta og forlatt av menneske. Dei ser at han ber straffa for alle desse sine misgjerningar. Og deira eigne.

Det fullstendig urimelege og fortvila i det heile er det tenoren som gir opprørt og sorgtung stemme til; "dei ler av han, alle som ser han, dei hånar han, inga sorg kan der finnast, som hans."

Dette har andre delen i Messias alltid bore i seg. Men meg har det ikkje gripe slik før, der eg sat i ei tettpakka Domkyrkje, mellom tjukke søyler og høge buar, med Jesus på korset og tolmodige Samson som ber heile preikestolen og alt den fører med seg på sin eigen rygg. Eg tenkte eg kanskje kom til å sakna den ramma. Trudde kanskje til og med at eg trengte det, for å bli i historia i dei dryge to timane Messias tar.

Messias ut av kyrkja

Det var ikkje sånn. Det veit eg nå. For i år var Messias flytta, til Farten Valen i konserthuset. Ein open konsertsal, med ein akustikk som vidarefortel alt. Alle detaljar. Som at ein av solistane hadde sko som klikka. Og langt viktigare, alle nyansane i stemmer, instrument, klang og rytme.

sso4.jpg

Slik fekk Messias eit heilt anna liv i år. Av eit symfoniorkester som ledig og lydhøyrt følgde fire sterke, særprega solistar, den skinande lyse sopranen Berit Solset, som leika seg gjennom alle toneremser, den mørkare, varme mezzosopranen til Kristina Hammarström, tenoren Magnus Staveland, som glasklart fortel kva som skjer, for så å slå over i opprør og sorg. Johannes Weissers myndige baryton.

Godt kor

Og bak dei, Stavanger symfonikor. Dei er amatørar, dei har alle andre jobbar enn korsong. Men nå imponerer dei, under dirigent Kateryna Ustyantseva har dei vakse og utvikla seg enormt dei siste åra. Det er presist, det er lett, det er homogent og klangfullt utan å bli pressa. Jo, det hendte nok at dette store koret ikkje heilt klarte plukka opp orkesterets kjappe og superlette tempo, det hendte at ein og annan innsats ikkje var heilt presis, det hendte ein kunne høyra at tenorane er færre enn damestemmene, og meir sårbare. Men det var verkeleg bare smårusk.

Dei har grunn til å syngja med stor sjølvtillit nå. Måten dei kan trekkja seg tilbake i ettertankeklang,, måten dei kan smella tilmed bydande Vårherrestemme, måten dei sjeldan lar noko av dette gå utover klangen.

Händels Messias er barokkmusikk, og difor ganske velutstyrt og krevjande, men ikkje slik at det hjelper om du bare gyv på med mange nok folk, nei, det er anten mye tekst eller mange tonar som alle skal fram like glasklart, det er rytmar som ikkje skal flyta ut, det er lettbeint og mektig nesten samtidig, det krev smidige, lette stemmer, som likevel skal klinga varmt, men ikkje tungt, lyst, men ikkje tynt.

Hallelujakoret fekk eg frysningar av. Fordi det levde sånn under dirigent Bjarte Eike si leiing, det pusta, trekte seg tilbake, laga ekko av seg sjølv, og song likevel ut det halleluja som er nøydd til å koma etter all den sorga, smerta og nedrige forakta er forløyst.

Nei, Messias sluttar ikkje med Halleluja, det sluttar med frelse og evig liv og eit stort og mektig amen. etter to timar og tjue minutt, utan pause, utan applaus før siste tone har døydd ut. Og i år, utan kyrkjerommet som ramme.

Det var klokt. Det opna for eit mye større musikalsk drama enn kyrkjerommet klarer gjengi.

Les fleire konsertmeldingar her.