Mia gir deg litt av alt

Mia Gundersen drog stappfullt hus i Stavanger Konserthus tysdag kveld.

Ennå er det så vidt me har runda hjørnet på november og redda oss over i desember. Ennå er me ikkje heilt der jula er. Men det er mørkt ute, du så mørkt det er, og du, så uroleg dei fleste av oss kjenner at verda er. Så hutlar me oss saman og søkjer inn mot jul, kristne eller ei. Kjenner at det gjer godt med tekstar og songar om lengt og lys, forsiktige, gjerne enkle ord om at det er håp i uro og mørke og lengt også, om at alle som kjenner seg små, og kven kjenner seg vel ikkje liten nå, kanskje kan gjera ein forskjell. Kanskje kan lysa opp litt. Eller i det minste, få høyra og kjenna at det er fleire som oss, fleire som har det som oss. Slike ting, omtrent, kan eg tru får folk til å kjøpa seg ein plass i varmen inne i Zetlitz eller Farten Valen eller Stavangeren eller Domkyrkja eller kulturhusa i Sandnes og Eigersund, på ein av dei mange variantane av julekonsertar frå nå og ut året.

Vår Mia kom heim

Tysdag kveld var Mia i Zetlitz. Mia Gundersen, sjølvsagt, Stavangers eiga Mia kom heim. For å swinga jula inn. Med tre sympatisk jazzspelande musikarar på brett, kontrabass og slagverk. Me swingar altfor lite, meiner Mia, og det kan ho jammen ha rett i. Sjølv har ho satt saman ein konsert av songar ho gjerne vil syngja. Som ho har hatt med seg lenge. Songar som også har levd lenge med mange, som "It's a good day", som "Walking in a winter wonderland", som Billie Holiday's heilt udøyelege "God bless the child". Til saman blir det ei hektisk opning, tempoet litt oppjaga, som om dei ikkje heilt veit kor dei skal med verken det eller songane. Og skal ein først syngja "God bless the child", så gi for all del alt, gi absolutt alt, gjer den heilt til din, og syng så me er sikre på at du aldri kunne drøymt om å syngja ein einaste tone av den annleis.

Det skulle eg ønskja at Mia hadde gjort på konserten. Fordi ho er vår, fordi ho er vaksen kvinne på suverent vis, fordi ho tar seg rom til å gjera det ho vil. Men då kunne ho gjort endå mye meir av det ho gjorde.

Inderleg på den der litt julete måten, ikkje så nær jul at vi snakkar Jesusbarn, men så nært at me likar å kjenna oss igjen i desse andre små, blir det først når Mia kjem til Prøysen. Songen om jenta som stod og støtta veggen, men neigu' om ho gret. Sunge på stavangersk. Der var første gongen songen og orda kom oss nært nok.

Elles blir det litt for mye litt av alt. Og det er eigentleg ikkje nok.
Tommy Fredvang

Julestemninga er det Tommy Fredvang som set. Aleine med gitaren, i den svenske songen "Gå inte förbi", også den gjendikta til stavangersk. Ein av desse rett-fram-songane om å bry seg, som du kjenner snakkar sant. Han syng nesten som ein ung Sigvard Dagsland, Tommy Fredvang, bare utan behovet for å endra verda for mykje med sin song.

Mia les Ajax for oss, "De små armane". Men ho gjer det bare nesten heilt godt. Og det gjer litt vondt, for den teksten er så kjent, så mange i salen har høyrt Gretelill Tangen eller Sally Nilsson lesa den, eller Claes Gill, til og med. Så me høyrer det, når Mia snublar litt i teksten her og der, når ho mister litt kor ho var hen. Sjølv om ho gjer det med sjarm.

Så mister dei også litt kor dei nå var i konserten, litt seinare, kva låt skal dei ta nå? Kor er lista hen?

Det er unge Kaja Gundersen Røsslands tur. Igjen er julestemninga der, på enkelt og inntakande vis syng ho julesongen "Himmel på Jord", gjort kjent av Maria Arredondo. Det er fint.

Nærmast

Mia Gundersen sjølv kjem oss nok aller nærmast, og det vil me jo at ho skal — i alle fall eg - i songen om det litla, vindskeive juletreet, som likevel kan lysa som ein juvel.

For elles blir det litt for mye litt av alt. Og det er eigentleg ikkje nok.

Les også: