Heile han er musikk. Syngjande melankolsk, sugande rytmisk, det er Wu Wei og instrumentet hans som løftar oss alle. Orkesteret lyttar, legg lange linjer av samanhengande lyd under han, kommenterer. Det raslar i slagverk, kviskrar i ein fiolin. Heile tida er dei der, orkesteret, presist og nært. Men det blir aldri deira tur, dei skal aldri ta over, dei skal aldri yppa til kamp med solisten, aldri gi overveldande respons eller finna saman i den gode slutten. Nei. Dei skal skapa rommet han kan fortelja si historie i.
Og instrumentet som gir stemme til historia hans? Sheng. Det minner om eit trekkspel. Bare at det er eit blåseinstrument. Ein blåsebelg, må det bli, ein eldgammal, forfina kinesisk blåsebelg. Spelt på av ein heilt fantastisk musikar. For komponist Unsuk Chin lar han bera heile stykket. Til sist har han nådd heilt ut. Til sist har Unsuk Chin flytta fire musikarar opp og bak i konsertsalen. Heilt der bakerst, kommenterer dei vislande Wu Weis siste, sterke utsegn. Før det er slutt.
Vi er på den første konserten av tre, der den koreanske komponisten Unsuk Chin verkeleg gjestar orkesteret. Verkeleg ikkje bare fordi ho er her sjølv, men fordi orkesteret så overbevisande byggjer heile programmet sitt rundt henne. Anton Weberns skeive, vakre tonar set rammen for hennar musikk akkurat denne kvelden, saman med Messiaens religiøst inntakande klangar.
Mellom dei faldar Chins cellokonsert seg ut, også den er det solisten som eig, også i den kjem orkesteret med kommentarar, det smell i messing og voldsomt i slagverk, og stryk lyst, lyst i fiolin. Cellotonen syng, lar songen gli rundt få tonar, i eit vakker tonespråk bortanfor melodiane ein stad. Han insisterer. På ein tone. På grensa til det irriterande. På grensa til å minna om gaffel mot tallerken-lyd.
Så tar han av, cellotonen, høgg til, får orkesteret til å senda ut reine tonemylderet, han legg seg oppå, messing og treblås melder seg på. Før alt roar seg. Før celloen spelar seg heilt ut. Og har sagt sitt.
Slik kjenner vi Unsuk Chin sin musikk etter to verk. På krevande, presist vis, i små fragment eller heile lydveggar lagar orkesteret scena. Og solisten? Solisten skal fortelja. I musikk. Og om han har eit heilt orkester som lyttar og gir respons, er det heile tida hans stemme som dreg forteljinga vidare. Han som når ut. Han som fortset til alt er sagt.